Edvard Grimstad: Forskjell mellom sideversjoner
(Fiksa onlyinclude) |
m (kategorisplitting) |
||
Linje 26: | Linje 26: | ||
{{DEFAULTSORT:GRIMSTAD, EDVARD}} | {{DEFAULTSORT:GRIMSTAD, EDVARD}} | ||
[[Kategori:Personer | [[Kategori:Personer]] | ||
[[Kategori: | [[kategori:Skjåk kommune]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Vestre Toten kommune]] | ||
[[Kategori:Lillehammer kommune]] | |||
[[Kategori:Lærere]] | [[Kategori:Lærere]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1886]] | [[Kategori:Fødsler i 1886]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1955]] | [[Kategori:Dødsfall i 1955]] | ||
{{F1}} | {{F1}} |
Sideversjonen fra 10. apr. 2013 kl. 07:21
Edvard Grimstad (fødd 30. mai 1886 i Skjåk, død 11. september 1955) var lærar, folkeminnesamlar og bibliotekinspektør i Oppland fylke. Han var særleg engasjert i kulturhistoria i Gudbrandsdalen. Grimstad voks opp på garden øvre Grimstad i Skjåk, som son av Peder og Anne Grimstad. Han gjekk ut frå Elverum lærerskole i 1907 og tok eit gymnastikkurs i Oslo i 1911. Han tok òg eit teiknekurs på Hamar i 1916 og eit lærarkurs på Mysen i 1919, medan han i 1922 drog på stipendferd til Sverige og Danmark.
Grimstad byrja som lærar ved framhaldsskulen i Lesja (1907-08) og var deretter tilsett ved skular i Alvdal (1908-10), Fåberg (Nordre Ål skole, 1910-11), Skjåk (1911-14) og Stange (1914-17). I perioden 1918-22 var han lærar ved Ihle skole i Vestre Toten og arbeidde seinare i Lillehammer-skulen. I 1935 vart han tilsett som bibliotekinspektør i Oppland.
Edvard Grimstad samla folkeminne i Gudbrandsdalen for Universitetets folkeminnesamling. I 1930 vart han den fyrste redaktøren av Årbok for Gudbrandsdalen og var det til og med 1936. Han gav ut fire band med folkeminne frå Gudbrandsdalen i ein skriftserie frå Norsk folkeminnelag.
Grimstad var sterkt engasjert i målsaka, mellom anna som formann i Dølaringen (frå 1929) og aktiv i Mesna mållag.
Edvard Grimstad bygde opp turiststaden Sota sæter i Skjåk, ei verksemd som seinare sonen Torbjørn Grimstad overtok.
Han gifte seg i Skjåk 27. desember 1910 med Anne Grimstad. Dei fekk fire søner og ei dotter.
Bibliografi
- Etter gamalt. Folkeminne frå Gudbrandsdalen I-IV. Utg. som skrifter frå Norsk folkeminnelag nr. 58 (1945), 62 (1948), 71 (1953) og 83 (posthumt 1959).
- «'Mytteriet' på Jørstadmoen», artikkel i Årbok for Gudbrandsdalen 1936
Kjelder og litteratur
- Folketeljinga 1900 for Skjåk
- Folketellinga 1910 for Fåberg
- Gjørvad, O. (red.): Totens bygdebok II, Oslo 1953, s. 524.
- Høgåsen, Martinus: «Minneord om Edvard Grimstad», i Årbok for Gudbrandsdalen 1955.