Edvard Grimstad
Edvard Grimstad (fødd 30. mai 1886 i Skjåk, død?) var lærar, folkeminnesamlar og bibliotekinspektør i Oppland fylke. Han var særleg engasjert i kulturhistoria i Gudbrandsdalen. Grimstad gjekk ut frå Elverum lærerskole i 1907 og tok et gymnastikkurs i Oslo i 1911. Han tok òg eit teiknekurs på Hamar i 1916 og eit lærarkurs på Mysen i 1919, medan han i 1922 drog på stipendferd til Sverige og Danmark.
Grimstad byrja som lærar ved framhaldsskulen i Lesja (1907-08) og var deretter tilsett satt ved skular i Alvdal (1908-10), Fåberg (1910-11), Skjåk (1911-14) og Stange (1914-17). I perioden 1918-22 var han lærar ved Ihle skole i Vestre Toten og arbeidde seinare i Lillehammer-skulen. I 1935 vart han tilsett som bibliotekinspektør i Oppland.
Edvard Grimstad samla folkeminne i Gudbrandsdalen for Universitetets folkeminnesamling. I 1930 vart han den fyrste redaktøren av Årbok for Gudbrandsdalen og var dessutan styreformann i Gudbrandsdalen Boklag.
Han gifte seg i Skjåk 27. desember 1910 med Anne Grimstad. Dei fekk fire søner og ei dotter.
Kilder og litteratur
- [ DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. )]
- [ Folketellinga 1900 for Skjåk]
- [ Folketellinga 1910 for ]
- Gjørvad, O. (red.): Totens bygdebok II, Oslo 1953, s. 524.