Elativ: Forskjell mellom sideversjoner
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring |
({{nn}}) |
||
Linje 11: | Linje 11: | ||
[[kategori:grammatikk]] | [[kategori:grammatikk]] | ||
{{f1}} | {{f1}} | ||
{{nn}} |
Nåværende revisjon fra 28. jan. 2016 kl. 08:57
Elativ er eit lokalt kasus som blir bruka i samiske språk frå sørsamisk til tornesamisk. I eldre litteratur blir elativ ofta kalla ablativ etter latinsk mønster. Elativ, som vi òg kunne kalle derifrå-kasus, blir bruka om fråstad og i mange andre samanhengar der ein kan bruke preposisjonen frå på norsk. På sørsamisk er den typiske eintalsendinga -ste, og ume- og pitesamisk har hovudsaklig -st. I lulesamisk og tornesamisk er den typiske endinga -s, men -st er ikkje uvanlig i litt eldre språk. I finnmarkssamisk og det nordsamiske standardsskriftspråket så vel som i austsamiske språk har inessiv og elativ falle saman i lokativ.
Dei norske adverba hedan eller herifrå og dedan eller derifrå har elativisk funksjon.