Sørsamisk
Sørsamisk (sørsamisk åarjelsaemien gïele, åarjelsaemien) er eit samisk språk med tre nolevande hovuddialektar som blir snakka blant sørsamar. Det tradisjonelle utbreiingsområdet til sørsamisk er sørom Korgen i Noreg og Umeälven i Sverige. Hovuddialektane av sørsamisk er vefsnsamisk (i Sverige: vilhelminasamiska), jamtlandssamisk og rørossamisk (i Sverige: härjedalssamiska eller sydlig jämtlandssamiska). Umesamisk blir òg ofte rekna til sørsamisk, men ligg med sin kombinasjon av omlyd og stadieveksling nært opp til pitesamisk. I Noreg blir samiske stadnamn i det tradisjonelt umesamiske området offisielt normert til sørsamisk.
Historie
Grammatikk
Fonologi (lydlære)
Sørsamisk manglar, i motsetning til ume-, pite- og nordligare samiske språk, stadieveksling, men har til gjengjeld eit rikt utbygd omlydssystem.
Vokalar
Generelt har sørsamisk eit rikt system av korte vokalar (skrivne som enkeltvokal), lange vokalar (skrivne som dobbeltvokalar) og diftongar. Skiljet mellom lang vokal og diftong er ikkje tydelig, og lange vokalar er gjerne meir eller mindre diftongiske. Skriftspråket opererer med desse urunda vokalane:
i | e | æ | a |
ie | ee | ae | |
ea | aa |
Dei runda vokalane er:
y | u | o | å |
yö | ue | oe | åe |
öö | ua | åa | åå |
I uttalen finst det nyansar som ikkje er uttrykt i skriftspråket. For eksempel uttrykkjer grafemet (i) både lys i og mørk i, der den sistnemnte kan skrivast med tødlar: «ï». Likeleis har kort (a) både ein lys og ein mørk uttale (den sistnemnte kan spesifiserast som «â»). Lange vokalar og diftongar inkluderer dei tvetydige (ie) (meir nøyaktig «ie» vs. «ïe») og (ee) (meir nøyaktig «ee» vs. «ææ»).
I tillegg til desse vokalane og diftongane finst diftongane som skrivst som vokal + j og vokal + v. Desse diftongane er tydelige i fall som aej, der det er stor artikulatorisk avstand mellom utgangsvokal og glidevokal. I artikulatorisk meir like fall som ved o+v, u+v, y+j og i+j glid diftongen ofte saman til éin lang vokal (f.eks. i buvrie (stabbur)).
Konsonantar
labial | dental | palatal/ retrofleks |
velar/ uvular | |
---|---|---|---|---|
uaspirert plosiv | b | d | g | |
aspirert plosiv | p | t | k | |
affrikat | ts | tj | ||
nasal | m | n | nj | ng |
likvid | r l | lj | ||
frikativ | f | s | sj | h |
friksjonslaus | v | j |
Morfologi (formlære)
Sørsamisk er eit formrikt språk. Blant anna kan nemnast at språket har åtte kasus av substantiv og pronomen; verb og pronomen blir bøygd i eintal, total og fleirtal; og verbsystemet er prega av eit stort tal systematiske aspektsuffiks.
Kasus
Sørsamisk har 3 grammatiske kasus (nominativ, akkusativ, genitiv), 3 lokale kasus (illativ, inessiv og elativ) og 2 adverbiale kasus (komitativ og essiv). I motsetning til umesamisk, manglar sørsamisk partitiv og abessiv. Pronomen, adverb, substantiv og talord kan bli bøygd i kasus.
- Nominativ er grunnforma av orda og enkel subjektsform.
- Akkusativ er enkel objektsform og enkel tidsform.
- Genitiv er eigeform og blir ofte bruka som bindeform. Substantiv tek genitiv føre postposisjonar.
- Illativ (til-kasus) uttrykkjer tilstad, tiltid og mottakar.
- Inessiv (i-kasus) uttrykkjer påstad og i-tid.
- Elativ (frå/av-kasus) uttrykkjer fråstad, fråtid, årsak og material/utgangspunkt.
- Komitativ (med-kasus, i lag med-kasus) uttrykkjer redskap/middel.
- Essiv (bli-kasus) uttrykkjer at subjektet eller objektet blir/vart til noko eller er/var noko ei stund; dessutan at nok blir kalla noko.
Pronomen
Dei personlige pronomena blir bøygd i 8 kasus og 3 personar, så vel som i eintal, total og fleirtal. Sørsamisk har, som dei fleste uralske språka, ikkje kjønnsmarkerte pronomen.
Substantiv
Likestavingssubstantiv
Likestavingssubstantiv finst som tostavingsord og firstavingsord; eksempla her viser tostavingsord. Det finst fire ulike stammetypar: ie-stamme, oe-stamme, a-stamme og e-stamme. Av desse har ie-stammane tradisjonelt mykje bruk av omlyd, mens dei andre har lite (oe-stammar) eller ingen (a- og e-stammar) omlyd. Eksempelorda her er gåetie ('kåte, hus'), baakoe ('ord'), maana ('barn, unge') og sååle ('øy').
Kasus | Mønster | -ie | -oe | -a | -e | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Eintal | Fleirtal | Eintal | Fleirtal | Eintal | Fleirtal | Eintal | Fleirtal | Eintal | Fleirtal | |
Nominativ | - | -h | gåetie | gåetieh | baakoe | baakoeh | maana | maanah | sååle | såålh |
Akkusativ | -m | -jde | gåetiem | gøøtide gåetide |
baakoem | baakojde | maanam | maanide | såålem | såålide |
Genitiv | -n | -j | gåetien | gøøti gåetiej |
baakoen | baakoej | maanan | maanaj | såålen | sååli |
Illativ | -an / -se | -jde | gåatan | gøøtide gåetide |
baakose | baakojde | maanese | maanide | såålese | såålide |
Inessiv | -sne | -ine | gåetesne | gøøtine gåetine |
baakosne | baakojne | maanesne | maanine | såålesne | sååline |
Elativ | -ste | -jste | gåeteste | gøøtijste gåetijste |
baakoste | baakojste | maaneste | maanijste | sååleste | såålijste |
Komitativ | -ine | -jgujmie | gøøtine gåetine |
gøøtigujmie gåetiejgujmie |
baakojne | baakoejgujmie | maanine | maanajgujmie | sååline | sååligujmie |
Essiv | -ine | gøøtine gåetine |
baakojne | maanine | sååline |
Vi ser at komitativ eintal, inessiv fleirtal og essiv har samanfall av former (gøøtine, baakojne, maanine, sååline), og likeleis akkusativ fleirtal og illativ fleirtal (gøøtide, baakojde, maanide, såålide). Det totale antalet reelle ordformer per substantiv er altså 12.
Adjektiv
Adjektiv blir ikkje bøygd etter kjønn, tal eller kasus på sørsamisk. Derimot har ein del adjektiv ulik form etter om dei står føre eller etter ordet dei står til:
Guhkies geajnoe ('lang veg'); men Geajnoe lij guhkie. ('vegen var lang').
Adjektiv (og enkelte andre ord) kan elles gradbøyast i positiv, komparativ og superlativ. Komparativ ('meir ...', '...are') får endinga -be med forkorta stammeutlydsvokal i likestavingsadjektiv (gejhkebe, faavrobe). I ulikestavingsadjektiv får vi endinga -åbpoe (båarasåbpoe, buajtahkåbpoe) og fullvokal i stammeendinga. Superlativ ('mest ...', '...ast') får endinga -mes med forkorta stammeutlydsvokal i likestavingsadjektiv (gejhkemes, faavromes) og -ommes med fullvokal i stammeendinga i ulikestavingsadjektiv (båarasommes, buajtahkommes).
positiv | komparativ | superlativ | |
---|---|---|---|
attributiv | predikativ | ||
orre ('ny') | = | orrebe ('nyare') | orremes ('nyast') |
båeries ('gammal') | = | båarasåbpoe | båarasommes |
tjaebpies ('vakker') | tjaebpie | tjaebpebe | tjaebpemes |
faavroes ('vakker') | faavroe | faavrobe | faavromes |
bïjveles ('varm') | bïjvele | bïjvelåbpoe | bïjvelommes |
galme ('kald') | galmes | galmebe | galmemes |
kruana ('grøn') | kråånehke | kruanebe | kruanemes |
gamte ('brei') | gamtege | gemtebe | gemtemes |
jalke ('jamn') | jalkede | jalkebe jalkedåbpoe |
jalkemes jalkedommes |
Verb
Syntaks (setningslære)
Skriftspråkshistorie
Føre 1880
Føre 1880-åra fanst det ikkje noko skriftspråk for sørsamisk. Den nærmaste litterære dialekten var umesamisk, som saman med pitesamisk utgjorde kjerneområdet for det stiliserte samiske litteraturspråket frå 1600-talet til godt innpå 1800-talet. Dette skriftspråket opererte for eksempel verken med omlyd eller stadieveksling.
1880-åra: Halász
Sommaren 1884 gjorde den ungarske språkforskaren Halász Ignácz feltarbeid i det sørsamiske området.
Kjelder og litteratur
(Sortert etter utgjevingsår)
- Halász Ignácz: Svéd-lapp nyelv 4: Déli-lapp szótár. (Ugor füzetek ; 10) Budapest : Magyar Tudományos Akadémia, 1891.
- Wiklund, K.B.: Lärobok i lapska språket. Uppsala : Akademiska bokhandeln, 1915.
- Lagercrantz, Eliel: Sprachlehre des Südlappischen nach der Mundart von Wefsen. Kristiania : Kristiania Etnografiske Museum, 1923
- Collinder, Björn: Lappische Sprachproben aus Härjedalen : nach Nils Axman, Torkel Larsson, Lars Renfelt, Elisabeth Rensberg und Nils Rutfjäll : mit einem Abriss der Nominal- und Verbalbeugung. (Arbeten utgivna med understöd av Vilhelm Ekmans universitetsfond ; 50) Uppsala : Almqvist & Wiksell, 1942.
- Collinder, Björn: Lappisches Wörterverzeichnis aus Härjedalen. 1943.
- Hasselbrink, Gustav: Vilhelminalapskans ljudlära : med särskild hänsyn till första stavelsens vokaler. Uppsala : Almqvist & Wiksell, 1944.
- Bergsland, Knut: Røros-lappisk grammatikk : et forsøk på strukturell språkbeskrivelse. (Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Serie B. Skrifter ; 43) Oslo : Aschehoug, 1946.
- Bergsland, Knut, Hasselbrink, Gustav: Sámien lukkeme-gärjá : sydlapsk läsebok med grammatik och ordlista. Oslo, 1957.
- Hasselbrink, Gustav: Alternative analyses of the phonemic system in central South-Lappish. (Indiana University Publications, Uralic and Altaic series ; 49) Indiana, 1965.
- Hasselbrink, Gustav: Südlappisches Wörterbuch = Oårj'elsaamien baaguog'ärjaa. (Skrifter / utgivna genom Dialekt- och folkminnesarkivet i Uppsala Ser. C, Lapskt språk och lapsk kultur ; 4) Uppsala : Lundequistska bokhandeln, 1981-1985. (3 b.)
- Bergsland, Knut: Sydsamisk grammatikk. Tromsø : Universitetsforlaget, 1982. ISBN 82-00-05762-3.
- Bergsland, Knut & Magga, Lajla Mattsson: Åarjelsaemien–daaroen baakoegærja = Sydsamisk–norsk ordbok. [Indre Billefjord] : Idut, 1993. ISBN 82-7601-010-5.
- Vangberg, Åsta; Brandsfjell, Helen Blind: Saemesth amma! : sørsamisk for nybegynnere - bok 1 = voestes gærja 1 - åarjelsaemien gielekuvsje. [Hattfjelldal] : Sijti Jarnge, c2003.
- Vangberg, Åsta; Brandsfjell, Helen Blind: Saemesth amma! : sørsamisk for nybegynnere - bok 2 = mubpie gærja 2 - åarjelsaemien gielekuvsje. [Hattfjelldal] : Sijti Jarnge, c2004.
- Vangberg, Åsta; Brandsfjell, Helen Blind: Saemesth amma! : sørsamisk for nybegynnere - bok 3 = gåalmede gærja 3 - åarjelsaemien gielekuvsje. [Hattfjelldal] : Sijti Jarnge, c2005.
- Vangberg, Åsta; Brandsfjell, Helen Blind: Saemesth amma! : sørsamisk for nybegynnere - bok 4 = njieljede gærja 4 - åarjelsaemien gielekuvsje. [Hattfjelldal] : Sijti Jarnge, c2006.
- Israelsson, Per-Martin; Nejne, Sakka: Svensk-sydsamisk, sydsamisk-svensk ordbok och ortnamn = Daaroen-åarjelsaemien, åarjelsaemien-daaroen baakoegärja jih sijjienommh. Kiruna : Saemiedigkie, [2007]. ISBN 9789197512497
- Magga, Lajla Mattsson: Norsk–sydsamisk ordbok = Daaroen–åarjelsaemien baakoegærja. Indre Billefjord : Iđut, 2009. ISBN 9788276011784
- Magga, Ole Henrik og Magga, Lajla Mattsson: Sørsamisk grammatikk. [Karasjok] : Davvi Girji, 2012.
Fotnotar
Lenkjer
Språklæringsressursar
- Åvtese 1–2–3 - sørsamisk nettkurs (med Skype) frå E-skuvla.no
- OAHPA-åarjel - sørsamiske språktreningsoppgåver frå Universitetet i Tromsø og Aajege Saemien gïele- jïh maahtoejarnge
- LEXIN - Bildteman sørsamisk bildeordbok med ca 1800 ord frå Myndigheten för skolutveckling, avdelningen för utveckling
- Åarjelsaemien gïele - glosetreningskort på Quizlet.com