Elativ

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. jan. 2014 kl. 11:24 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>'''Elativ''' er eit lokalt kasus som blir bruka i samiske språk frå sørsamisk til tornesamisk. Elativ, som vi òg kunne kalle ''derifrå-...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Elativ er eit lokalt kasus som blir bruka i samiske språk frå sørsamisk til tornesamisk. Elativ, som vi òg kunne kalle derifrå-kasus, blir bruka om fråstad og i mange andre samanhengar der ein kan bruke preposisjonen frå på norsk. På sørsamisk er den typiske eintalsendinga -ste, og ume- og pitesamisk har hovudsaklig -st. I lulesamisk og tornesamisk er den typiske endinga -s, men -st er ikkje uvanlig i litt eldre språk. I finnmarkssamisk og det nordsamiske standardsskriftspråket så vel som i austsamiske språk har inessiv og elativ falle saman i lokativ.

Dei norske adverba hedan eller herifrå og dedan eller derifrå har elativisk funksjon.

Sjå òg