Emdals Transport

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Emdals Transport var ei transportforretning i Sykkylven etablert av Håkon Emdal i 1958. Bedrifta heldt til i Straumgjerde og vart driven fram til 2008, då selskapet vart teke over av Posten si transportverksemd Bring.

Håkon Emdal kom i gang med transportverksemd allereie då han gjekk på bilskule i Trondheim i åra 1955 til 1957. Då kjøpte han seg ein krigsmodell Mercedes Benz. Når han hadde fri frå skulen, nytta han denne til å hente materialar frå Skjåk og køyre dei til Sykkylven der det var mange møbelfabrikkar. Då han var ferdig med skulen i Trondheim, kjøpte han ein Austin lastebil som han nytta til langtransportoppdrag. Austin-bilen var som dei fleste andre bilar på denne tida, utan isolasjon, trekkfull og med dårleg varmeapparat. Når det var kaldt, hadde Emdal med seg sovepose som han hadde rundt beina. I 1960 kjøpte Emdal sin første Scania L 75 med enkel sovehytte. Han var også tidleg ute med semitrailar.

Som kundar hadde Håkon Emdal dei fleste møbelfabrikkane i området; Velledalen Lenestolfabrikk, Lade Møbelfabrikk, Ekornes, Hj. Brunstad, L.K. Hjelle, Tynes Møbelfabrikk med fleire.

Som returlast køyrde han mellom anna trelast og finer til møbelfabrikkar og trelastlager. Han køyrde ei tid også mykje skumgummi frå Askim Gummivarefabrikk. Etter at det kom skumvareprodusentar på Sunnmøre køyrde han også latex i fat til skumvareproduksjonen. Denne transporten var byrjinga til Emdals frakt av kjemikaliar gjennom selskapet Termotank som han seinare etablerte.

Håkon Emdal bygde stadig på godsterminalen i Straumgjerde. Terminalbygget reduserte i ein viss mon fabrikkane sitt lagerbehov.

I 2003 hadde verksemda 58 bilar og vogntog, og 64 tilsette.


Kjelde:

  • Odd-Østen Hurlen: Fra 5 til 50 tonn totalvekt. Ålesund 2004.