Erstad Trevarefabrikk: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
(Ny side: '''Erstad Trevarefabrikk''' var ein tidlegare produsent av møblar i Sykkylven. Bedrifta vart etablert på Ikornnes i 1904 av Johan O. Erstad som ei vidareføring av møbelverkstaden far...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 19: Linje 19:

Erstad var borte frå Sykkylven i seks år frå 1924. Den tida var han m.a. disponent for Stjørdal Møbel & Trevarefabrikk, og han var engasjert i trelasteksport til England. Frå 1924 til 1930 var Erstad Trevarefabrikk leigd ut til brørne Bernt og Ole Stave, som hadde vore ved verksemda i mange år. Dei heldt fram med det same produktutvalet som Erstad Trevarefabrikk hadde slått inn på tidlegare. Namnet på bedrifta vart heller ikkje endra.

I 1930, då Johan Erstad kom attende til Sykkylven, søkte han patent på ein vevstol han hadde utvikla. Det nye ved vevstolen var at han hadde ståande slagbom i staden for hengande. Elles var han berre halvparten så stor som dei tidlegare vevstoltypane. Stolen vart laga i tre breidder. Den minste utgåva var på ein meter, dei andre på 1,30 meter og 1,60 meter. Vevstolen hadde automatisk framdrift. Erstad produserte også ein enklare type kontramarsj. Det var ei innretning for veving på opptil åtte skaft, til dømes til dukar med eit innvikla mønster.

Vevstolen gav verksemda ein god skuv framover. Etterspurnaden etter møblar i heiltre mahogny fekk ein svikt etter at billegare finerte møblar vart introduserte. Tynes Møbelfabrikk, som kom i gang i 1927, var først ute med slik produksjon i Sykkylven.

Ved sida av at Erstad Trevarefabrikk gjekk over til å lage vevstolar, fann leiinga ved verksemda også ein nisje i produksjon av lenestoltreverk til lokale møbelfabrikkar. Dører, vindauge og trapper vart framleis laga som tidlegare.

Sønene til Johan, Olav og Petter, tok over fabrikken i 1939. Olav Erstad var dagleg leiar fram til han døydde i 1968.

I 1965 brann fabrikken ned for andre gong. Då starta Olav og Petter eit nytt aksjeselskap og reiste nytt fabrikkbygg på 400 m2 nede ved sjøen. Det nye selskapet vart kalla Erstad Trevarefabrikk A/S. Etter at Olav døydde, tok Petter over åleine. Han hadde då i fleire tiår drive møbelfabrikk på Hareid.

I 1971 vart fabrikkbygget selt til J.E.Ekornes Fabrikker A/S, og i 1977 vart også tomta overlaten til storkonsernet.

===Kjelde:===
Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990.
[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Etableringer i 1904]]
Skribenter
1 469

redigeringer