Evanger

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Evanger er eit sokn og ein tidlegare kommune i Hordaland. Heradet vart oppretta i 1885, da det vart utskilt frå Voss. I 1964 fekk Voss attende dei sentrale delane av Evanger, medan Eksingedalen og Bergsdalen vart overførte til Vaksdal kommune. På denne tida budde det 1338 personar i Evanger, fordelte på 590 kvadratkilometer. Til liks med gardsnamnet Evang i Østre Toten tyder Evanger "beitekvil for hestar".

Innbyggjartal

  • 1918: 1891 personar.
  • 1964: 1338 personar.

Kjelder og litteratur