Florø kommune

Florø kommune i Sogn og Fjordane vart utskild frå Kinn kommune i 1860, og fekk status som ladestad. Området svara til den dåverande hamnestaden Florø.

Utsikt over Florø i 1960.

I 1964 vart Florø, Kinn, Eikefjord, Bru med unntak av områda sør for Førdefjorden og nokre mindre delar av Bremanger og Vevring slått saman til nye Flora kommune.

Frå 1. januar 2020 vert kommunen del av nye Kinn kommune saman med Vågsøy kommune. Dei to har ikkje felles grense, då Bremanger kommune ligg mellom.

Litteratur