Vågsøy kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hei på deg! Denne siden heter Vågsøy kommune

Vågsøy kommune
1439 Vagsoy komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1439
Fylke Sogn og Fjordane
Kommunesenter Måløy
Areal i  km²(2020) 176,66 km²
Folketal 2020 6001 (2018)
Grunnlagt 1964
Opphørte 2020
No del av Stad kommune
Målform Nynorsk

Vågsøy kommune låg i Sogn og Fjordane, og var fylkets minste kommune etter areal. Administrasjonssenteret var tettstaden Måløy. Det fanst fire andre tettstader i kommunen: Raudeberg, Holevik, Vågsvåg og Bryggja. Kommunen vart oppretta i 1964, då Sør-Vågsøy, Nord-Vågsøy og nordsida av Nordfjord vart samanslegne. Husevågøy og Gangsøy vart overførte frå Davik, medan Silda vart overført frå Selje. I samband med Kommunereforma 2014-2018 vedtok kommunane Vågsøy og Flora å slå seg saman til nye Kinn kommune, med verknad frå 1. januar 2020. Vågsøy og Flora har ikkje felles grense.

Fiske var ein viktig næringsveg, og Vågsøy var fylkets største fiskerikommune etter levert fangst. Industrien er i stor grad retta mot fisket, men det har i seinare år óg kome ein del teknologiverksemder til Vågsøy.

Frå 1960-talet hadde Vågsøy svak nedgang i folketalet. I tiårsbolken 1996–2006 sank det med 5,8 %.

Kystkultur

Kommunen hadde fire fyrstasjonar, nemleg Hendanes fyrstasjon, Kråkenes fyrstasjon, Skongenes fyrstasjon og Ulvesund fyrstasjon.

Kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!