Smakebiter fra artikler
Øyberget der Anne og Syver budde 1806-1811.
Foto: Kristian Hosar
Anne Olsdotter Hyrve (Hørve, Hørven) (fødd 10. april 1783 i
Skjåk, død same stad i 1837) var gardkone og
haugianar. Mykje tyder på at ho, i lag med mannen
Syver og nokre andre av dei haugianske kadrane i Skjåk, øvde sterk innverknad på bygdekulturen der i fyrste halvparten av 1800-talet. Kva meir er, etterkomarane til Anne og Syver, med sin haugianske ballast, skulle kome til å øve innverknad på politikk, samfunn og kultur langt utanfor Skjåk og Gudbrandsdalen seinare i århundret.Som det framgår av lista over borna til Anne og Syver, gifta tre av dei seg med kvar sine av ein syskenflokk frå garden (Nigard) Bu i Sel. Der var folket også haugianarar. Guro og mannen Iver Olsen Bu flytta til garden Blekastad, også i Sel. Dei vart foreldre til folkehøgskolemannen
Ivar Blekastad og stortingsmannen
Sigurd Blekastad (Venstre). Dette viser ein direkte familiesamanheng over tre-fire generasjonar mellom haugianismen i Gudbrandsdalen og den seinare norskdoms- og folkehøgskulerørsla i distriktet. Ein kan også trekkje inn den patriotiske liberalismen frå 1830-åra i denne samanhengen. Eldste sonen til Anne og Syver Hyrve, avisredaktøren
Sylvester Sivertson, var sentral i krinsen rundt
Wergeland i 1830-åra, og aktivist i den bondepolitiske framstøyten på den tida.
Les mer…
Hans Misvær.
Foto: Ukjent, hentet fra Aspesæter (1984): Det norske hageselskaps historie 1884-1984.
Hans Mikal (Michael) Pedersen Misvær (født 25. mai 1864 på Hoset i
Skjerstad i dagens
Bodø kommune, død 16. juli 1938) var gartner og hagebrukspioner, ansatt ved
Norges landbrukshøgskole fra 1900, til 1908 som lærer, deretter som overlærer til 1919, da han ble utnevnt til professor i fruktdyrking. Han skrev også fagbøker, og arbeidet for fremme av hagebruket.
Les mer… Foto av Rudolf Nilsen
Foto: Ukjent, hentet fra Johan Faltin Bjørnsens biografi om Nilsen fra 1951.
Rudolf William Nilsen (født 28. februar 1901 i
Kristiania, død 23. april 1929 i
Paris) var dikter, journalist og kulturformidler. Til tross for at han døde tidlig, regnes han blant de mest betydningsfulle norske lyrikerne i
mellomkrigstida, særlig kjent for sine kampdikt for arbeiderklassen og for sine
østkantskildringer.
Les mer…