Smakebiter fra artikler
Kristen O. Dagsgard, fødd i
Skjåk 1864. Han utvandra til USA i 1884 og arbeidde som kokk der. Hans biografi – som ikkje er skriven - kunne gjere sitt til å kaste lys over mange og vidsveimde historiske fenomen og prosessar. Det er verdshistoriske, lokalhistoriske, psykohistoriske, kjønnshistoriske og mange andre historiske forklaringar på at Kristen kunne la seg avbilde i dette yrket på det tidspunktet på den staden.
Biografi kjem av gresk bios = liv og graphikos = skriving, teikning, og tyder altså heilt bokstaveleg «livsskildring», framstilling av ei livshistorie. Biografi er både ein litterær sjanger (med talrike undersjangrar) og ein fagdisiplin eller metode innan fleire vitskapsfelt som historie, kunst- og litteraturhistorie, og livsløpsgjennomgang er viktig også innan fag som psykologi og medisin. Ein viktig variant er sjølvbiografien, der biografen sjølv både er emne for og hovudkjelde til framstillinga. To eller fleire (ofte mange) personar kan få sine liv framstilte i ymse former for kollektive biografiar (gruppebiografiar, samlebiografiar m.m.). Utanom det dokumentariske og vitskaplege har biografien hatt ulike føremål og funksjonar gjennom tidene: religiøse, moralske, oppsedande, nasjonsbyggande, politiske, underhaldningsmessige osv.Mange kjende historiske personars livsløp, verk og personlegdom er forsøkt framstilt i skjønnlitterære former, som romanar, forteljingar for born osv., gjerne med eit underliggjande oppdragande føremål. Klassiske heltesoger og helgenforteljingar er skjønnlitterære verk.
Tradisjonelt er det vidkjende personar som helst blir gjorde til gjenstand for biografiar i bokform, oppslag i leksika, spelefilmar («biopics»), «dokudrama» på fjernsyn osv. Men innan sosialhistorie, kulturhistorie og andre fagdisiplinar, og ikkje minst i lokalhistorisk samanheng, vil også mindre kjende og «ubetydelege» personars livsløp og livsgjerning ha interesse.
Innan lokalhistoria finn vi biografiar mest i det mindre formatet, formidla som artiklar i årbøker og på Internett, og som massebiografiar i sjangeren
gards- og slektshistorie.
Les mer…
Hans Misvær.
Foto: Ukjent, hentet fra Aspesæter (1984): Det norske hageselskaps historie 1884-1984.
Hans Mikal (Michael) Pedersen Misvær (født 25. mai 1864 på Hoset i
Skjerstad i dagens
Bodø kommune, død 16. juli 1938) var gartner og hagebrukspioner, ansatt ved
Norges landbrukshøgskole fra 1900, til 1908 som lærer, deretter som overlærer til 1919, da han ble utnevnt til professor i fruktdyrking. Han skrev også fagbøker, og arbeidet for fremme av hagebruket.
Les mer… Foto av Rudolf Nilsen
Foto: Ukjent, hentet fra Johan Faltin Bjørnsens biografi om Nilsen fra 1951.
Rudolf William Nilsen (født 28. februar 1901 i
Kristiania, død 23. april 1929 i
Paris) var dikter, journalist og kulturformidler. Til tross for at han døde tidlig, regnes han blant de mest betydningsfulle norske lyrikerne i
mellomkrigstida, særlig kjent for sine kampdikt for arbeiderklassen og for sine
østkantskildringer.
Les mer…