Fylkestingsforhandlingane i Sogn og Fjordane: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 15: Linje 15:


Frå 2012 vart fylkestinga filma og arkivert på nettet som [https://mediasite.sfj.no/Mediasite/catalog/catalogs/sffk åpent tilgjengelige videoar].  
Frå 2012 vart fylkestinga filma og arkivert på nettet som [https://mediasite.sfj.no/Mediasite/catalog/catalogs/sffk åpent tilgjengelige videoar].  
===Målform===
Lenge vart fylkestingsforhandlingane skrivne på bokmål. I 1931 gjekk fylkesmannsvervet frå Ingolf E. Christensen til Hans Seip, og nynorsk vart den nye målforma. Nynorsk var likevel å finna i tidlegare forhandlingar, sidan komitear og nemnder sto fritt til å nytte sitt eige språk. Til dømes skreiv Johannes Aashamar, styrar ved [https://leksikon.fylkesarkivet.no/article/f40aba2d-f924-444d-abbc-ddc1002de42c/ Rikheim landbruksskule] frå 1897 til 1908, sine årlege opppdateringar til tinget på nynorsk. Den første vegplanen for fylket i 1906 vart også skriven på landsmål.


===Bruk i litteraturen===
===Bruk i litteraturen===

Sideversjonen fra 14. okt. 2019 kl. 06:31

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.


Fylkestingsforhandlingane i Sogn og Fjordane er trykte kjelder som gjev eit detaljert bilete av fylkeshistorie, fylkeskommune-historie og kommunehistorie.

Fylkeskommunen og fylkestinget vart oppretta ved formannskapslovene av 1837. I mange år kom fylkestinget saman éin gong i året. Møtebok og sakstilfang vart kvart år trykt opp og utgitt i bokform – dei trykte fylkestingsforhandlingane.

Historie

Formannskapslovene av 1837 oppretta amta, det som vart fylker frå 1. januar 1919. Desse vart styrt av amtsformannskap, seinare amtsting og fylkesting, samansett av ordførarane frå alle kommunane i amtet. I mange år kom dette tinget saman kvart år for orientering om situasjonen i amtet og for å fatte politiske avgjerder. Saksdokument, møtereferat og avgjerder vart so trykte og publiserte i bokform. I dag kan ein lese trykte fylkestingsforhandlingar frå 1838 til 2010.

Mellom 1838 og 1976 kom tinget saman ein gong i året, sett vekk frå nokre ekstraordinære ting. Desse møta varte i fleire dagar.

Eit par gongar, til dømes i 1917, vart det gjeve ut saksregister for ein periode, i dette høvet frå 1908 til 1917. Det var ei oversikt over alle avgjerder tekne kring visse tema og referansar til desse i fylkestingsforhandlingsbøkene. Målet med desse var å gjere det lettare å få oversikt over eit sakskompleks som strakk seg over fleire år.

Ved lov av 16. juni 1961 valde kommunane fylkestingsrepresentantar for fire år, medan fylkesutvalet valde fylkesordførar. Dette erstatta ordninga med ordførarane som sjølvskrivne medlem.

Frå 2012 vart fylkestinga filma og arkivert på nettet som åpent tilgjengelige videoar.

Målform

Lenge vart fylkestingsforhandlingane skrivne på bokmål. I 1931 gjekk fylkesmannsvervet frå Ingolf E. Christensen til Hans Seip, og nynorsk vart den nye målforma. Nynorsk var likevel å finna i tidlegare forhandlingar, sidan komitear og nemnder sto fritt til å nytte sitt eige språk. Til dømes skreiv Johannes Aashamar, styrar ved Rikheim landbruksskule frå 1897 til 1908, sine årlege opppdateringar til tinget på nynorsk. Den første vegplanen for fylket i 1906 vart også skriven på landsmål.

Bruk i litteraturen

Fylkestingsforhandlingane er kjelde til ei stor breidd av informasjon om Sogn og Fjordane. I siste del av 1800-talet, til dømes, kan ein finne alt frå lister med namn, skildringar og budsjetterte kostnadar for kvar einskild sinnsjuke person, "andssvake" elevar, politiske diskusjonar om vegbygging og loggføring av mjølkeproduksjonen til enkelte kyr på amtet sine jordbruksskular.

Slik ein overflod av detaljar har bidrege til ulik historisk og analytisk litteratur.

Manuskriptet til ei Sogn og Fjordane-soge (1945) av Hans Seip, Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år (1987) av Aage Engesæter og Johs B. Thue, På god veg (2007) av Kristin Ese og Soga om Fylkesbaatane 1858-1958(1958) av Asbjørn Stensaker er alle dømer på bøker som lista fylkestingsforhandlingane som viktige kjelder. Statistisk sentralbyrå si bok Nordre Bergenhus Amt – beretning om den økonomiske tilstand, femaaret 1901-1905, nytta den sirlig detaljerte bokføringa til fylkestinget som kjelde for statistikk.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Nordre Bergenhus Amt – beretning om den økonomiske tilstand, femaaret 1901-1905. (1908). Det statistiske centralbureau. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri.

Nordre Bergenhus amtstings Forhandlinger i aaret 1908. (1908). Bergen: N. Nilssen & Søns Bogtrykkeri.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder