Fyresdal Bygdemuseum: Forskjell mellom sideversjoner

m
 
Linje 2: Linje 2:


== Allment ==
== Allment ==
Museet vart skipa 9. mars 1909. Det var på eit årsmøte i [[Fyresdals Vel]] at ein gjorde framlegg om å sette ned ei nemnd som skulle ta opp arbeidet med å få til eit bygdemuseum. Til å byrje med hadde ein samlingane i lærarbustaden på [[Gimle gamle skule|gamle Gimle skule]] og noko seinare på stabburet på [[Moland prestegard|Moland prestegard]]. På garden [[Borgjæ (Fyresdal)|Borgjæ]] Gnr.6 i Borggrend fekk ein så tilbod om to hus, eit stabbur og ei sers gamal [[årestove]] med grovt tømmer. På eit bilete teke av [[Bendik Taraldlien]] ser vi bygningane på opphavleg plass. Der var då eit tilbygg av nyare tømmer slik at ein ikkje ser sjølve bygningen på dette fotoet. Bygningane vart flytta til Øyskogen 1914/1915. Og etter kvart kom det fleire bygningar i dette tunet. Fyresdal Bygdemuseum er frå 2003 ein del av det konsolidera [[Vest-Telemark museum]].</onlyinclude>
Fyresdal Bygdemuseum vart skipa 9.mars 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Det var på eit årsmøte i [[Fyresdals Vel]] at ein gjorde framlegg om å sette ned ei nemnd som skulle ta opp arbeidet med å få til eit bygdemuseum. Til å byrje med hadde ein samlingane i lærarbustaden på [[Gimle gamle skule|gamle Gimle skule]] og noko seinare på stabburet på [[Moland prestegard|Moland prestegard]]. På garden [[Borgjæ (Fyresdal)|Borgjæ]] Gnr.6 i Borggrend fekk ein så tilbod om to hus, eit stabbur og ei sers gamal [[årestove]] med grovt tømmer. På eit bilete teke av [[Bendik Taraldlien]] ser vi bygningane på opphavleg plass. Der var då eit tilbygg av nyare tømmer slik at ein ikkje ser sjølve bygningen på dette fotoet.  
 
Bygningane vart flytta til noverande stad i 1914/1915, og ligg vakkert til i Øyskogen i Fyresdal sentrum.  
 
I hundrevis av år har Øyskogen vore heilag grunn, og her finn me eit av Noregs vakraste gravfelt frå folkevandringstida. Etter kvart kom det fleire bygningar i dette tunet, som gjev glimt frå den eldste historia til Fyresdal. Bjørnstadstoga frå 1600-talet vart bruka som tingstoge. Fyresdal Bygdemuseum vart ein del av det konsolidera [[Vest-Telemark museum]] i 2003.
 
Omvisingar for grupper er mogleg og kan tingast frå turistinformasjonen i Fyresdal eller ved å kontakte Vest-Telemark Museum.</onlyinclude>
 
[[Øyskogen]] er og ein mykje bruka stemneplass, og det er Fyresdal kommune sin [[tusenårssted|1000-års stad]]. Presten [[Iver Andreas Teisner]] var og ordførar ein lengre periode. Han gjorde ein heilt utruleg innsats for kommunen i den tida, og fekk ein stor bauta sentralt i området.


[[Øyskogen]] er og ein mykje bruka stemneplass, og det er Fyresdal kommune sin [[tusenårssted|1000-års stad]]. Presten [[Iver Andreas Teisner|Iver Andreas Teisner]] var og ordførar ein lengre periode. Han gjorde ein heilt utruleg innsats for kommunen i den tida. Som takk for dette fekk ein stor bauta sentralt i området.




Linje 24: Linje 31:


* Her er og stamma til ei kjempefuru, '''Kalstovikfurua''' frå Kalståvik Heistykke Gnr. 65/5 ved vestre enden av Øysævatn. Stamma er på nær 7,5 m3. Furua vart freda 1917, fall etter kvart over ende og vart frakta til Øyskogen1972 der den ligg trygt med godt tak.
* Her er og stamma til ei kjempefuru, '''Kalstovikfurua''' frå Kalståvik Heistykke Gnr. 65/5 ved vestre enden av Øysævatn. Stamma er på nær 7,5 m3. Furua vart freda 1917, fall etter kvart over ende og vart frakta til Øyskogen1972 der den ligg trygt med godt tak.
'''Epilog??'''
''Om konsolideringa heiter det:''
«Frå og med 1. januar 2003 vart drift og fagleg ansvar for Fyresdal Bygdemuseum lagt til stiftinga Vest-Telemark Museum. Det lokale museumsstyret har framleis eigarskap til bygningar og gjenstandar. Målsettinga med reforma er gjennom organisatoriske tiltak og økonomisk styrking å skape eit heilskapleg og betre museumsarbeid.»
Tanken var nok ideelt god, men for Fyresdal Bygdemuseum har denne konsolideringa vore ei katastrofe. I 2022 er alle verdfulle og interessante gjenstandar som var i utstillingsbygget teke opp til Vest-Telemark Museum i Eidsborg og magasinert der. Der er og all dokumentasjon. Museet lokalt har eit utstillingsbygg som primært er bygd med veggar av leka og luftig himling. Etter kvart vart bygget av estetiske grunnar kledd utvendig med tømmermannspanel. Noko seinare vart det og kledd med plater innvendig, også  vindaugo dekka til, for å skjerme mot lys. Utstillingsroma vart heilt utan ventilasjon. Dei to største roma, som vart nytta, gjekk det bra med, men det minste som var nytta til lager og var fullt og lite opna, lukta etter kvart innestengt og fekk litt mugglukt. Dette siste vart nytta som påskot til brått å ta alle gjenstandar i utstillingsbygget opp til Eidsborg for å bli magasinert der. Dette vart gjort heilt utan vilje til fyrst å sjå på kva som kunne utbetrast lokalt. Interessante gjenstandar er i 2022  tilgjengelege for forskarar, men heilt tapt for Fyresdal og folket her. Det hjelper lite å kunne søkje digitalt når ein ikkje ein gong veit kva ein kan sjå etter!
Av bygningane har nokre fått nye tak, men fleire held på å «rotne på rot», botnstokkar ligg i jord og held på å bli øydelagde. Det er ingen omvising, men eit par bygningar i Øyskogen har gitter i døropninga slik at ein, når nokre dørar vert opna i butikktida, kan sjå inn i roma. Øyskogen som Fyresdal kommune sin tusenårsstad vert særs godt halde som park. Det skjer i 2022 ikkje noko i det heile på museet, og det meste av lokalt engasjement i denne samanhengen er fråverande, særs mykje grunna det som er nemnt ovanfor.
Når ein gamal tråvar set seg i Øyskogen og lyttar, er det som heile anlegget held pusten og ventar på eit eller anna: ''Kva no, det var då ikkje dette som var meininga? Kva med alle dei glade og stolte gjevarane?''


== Galleri ==
== Galleri ==