Gardar (Fyresdal)


Gardar (Fyresdal gnr. 36/1/36) er ein eigedom i Fyresdal kommune med adresse Landstadvegen 37 som er utskild frå Fyresdal prestegard, Moland gard (Fyresdal gnr. 36/1).

Ved feste 1915 fekk Fyresdal kommune ei 2000 kvadratmeter stor tomt for 99 år. Årleg leige skulle vere 30 kroner. På denne tomta vart det bygd bustad for distriktslækjaren, dette vart gjort i 1916. Bygningen fekk namnet Gardar, og litt lengre nord var skulehuset Gimle, båe var namn med tyngde.

Den fyrste distriktslækjaren som tok bustaden i bruk var Finn Grimsgård (1865-1930). Han hadde til då budd på Funnemark (Fyresdal gnr. 42/4) i Hegglandsgrend i Fyresdal og dei kom hit i 1918. På eit tidleg foto av Gardar er det truleg denne familien som står i framgrunnen.

Den neste distriktslækjaren som budde her var Georg Torleif Limset (1895-)

Under 2. verdskrigen hadde tyskarane ein fangeleir på Gimle og nærliggande hus og Gardar fungera som offisersforlegning. Distriktslækjaren heldt då til på ein gard i nærleiken.

Etter krigen kom distriktslækjar Johannes Kjøs til bustaden. Den siste distriktslækjaren var statleg tilsatt til 1/1-1984, institusjonen med statleg tilsatt distriktslækjarar opphøyrde, distriktslækjaren vart høgtideleg sagt opp av departementet og kunne så søke om å få halde fram som kommunalt tilsatt kommunelege. Kommunelækjaren hadde bygd nytt hus på slektsgarden, familen flytta dit 1985 og etter dette var Gardar ikkje lengre bustad for lækjar. Ein tradisjonsrik periode var til ende.

Ein kort periode var så huset bustad for lensmannsbetjent. Det vart drøfta diverse alternativ til bruk: Nokre år vart det drive barnehage her medan det vart bygd ferdig ny barnehage, då vart all drift samla der. Det var vanskeleg å finne ei god løysing for bruk på lengre sikt, huset stod periodevis tomt. I 2015 vart det drøfta å selje huset, men av fleire grunnar vart dette ikkje vedteke i kommunestyret.


Bygningen. Det er eit særs staseleg og fornemt hus.

Grunnplanen er ein tradisjonell med 6 rom. Frå tunet kjem ein inn i ein gang med trapp opp til 2. høgda og ei spisestove/hagestove rett fram. Denne har 5 dørar, der den eine går ut til hagen, og eit vindauge. Til venstre, mot aust, var det to stover som i seinare tid er slått saman til ei. Til høgre, i den vestlege delen, er kjøkken og eit rom til legekontor med eigen inngang og eit lite venterom. I 2. høgda 5 soverom med ein trappeoppgang i midten.

Litt før 1980 vart bygningen radikalt restaurert/rehabilitert slik at alt av veggar, tak og anna inne vart endra, og det vart satt inn nye funksjonelle vindaugo med krysspost, tradisjonelt plassera i tidlegare opningar. Eit imponerande stilfullt bygg sett utanfrå. Kor mykje hagen har vore opparbeidd er usikkert, men i 1980 var det tydelege spor etter blomsterbedd, hellegangar og trapp ned til eit lågare parti. Enkelte frukttre stod og att.

Truleg ein gong på 60 talet vart legekontoret flytta ut i eit frittliggande tilbygg mot vest med passasje mellom gamalt og nytt, der var to legekontor, undersøkingsrom, rom for helesyster og venterom. Omkring 1980 vart denne fløya utvida att med mange rom. Legekontoret i hovudbygningen vart til ei lita stove og her vart og kjøkkeninngang.

I 2020 er framtida til bygningen igjen uviss.


Biletgalleri


Kjelde

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992