Gimle gamle skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. mai 2011 kl. 12:07 av Siri J (samtale | bidrag) (litt småtteri)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gimle gamle skulehus i Fyresdal var bygd 1905 og nedlagd som skule 1945.

Gimle gamle skule (Kjetil Skomedal (1881-1971))
Gimle gamle skule (Nylid, Olav S. (1866-1951))

Det var ein stor bygning i 2 høgder med klasserom på den eine sida av huset, mot syd. Der var langsgåande gangar med trappeoppgang i enden.

Siste krigsåret vart bygningen nytta av tyskarane til fangeleir for russiske krigsfangar og ikkje teke i bruk igjen etter krigen då ein var redd smittefaren.

Huset vart lenge nytta til lager under byggeperiodar ved den nye Gimle skule og vart fyrst rive ca. 1965. Materialane vart nytta i ymse bygg, mellom anna i hytter.


Kjelder og litteratur

  • Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989. Fyresdal skulestyre 1989.