Grip kyrkje

Sideversjon per 14. feb. 2014 kl. 10:57 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>'''Grip kyrkje''' er ei stavkyrkjefiskeværet Grip i Kristiansund kommuneNordmøre. Kyrkja, som ligg på det høgste punktet på Grip, krin...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Grip kyrkje er ei stavkyrkjefiskeværet Grip i Kristiansund kommuneNordmøre. Kyrkja, som ligg på det høgste punktet på Grip, kring 8 meter over havet, er ei enkel stavkyrkje av møretypen og er datert til kring 1470. Fram til kommunesamanslåinga med Kristiansund kommune i 1964 sokna kyrkja til Kvernes prestegjeld. Sidan 1967 har ho vore annekskyrkje til Kirklandet. Kyrkja vart ombygd i 1621 og i 1870-åra, og i 1933 fikk kyrkja sementfundament og ny utvendig bordkleding. På grunn av manglande jordsmonn på Grip var det ikkje kyrkjegard der, og alle gravferder gikk over ope hav til kyrkjegarden ved Bremsnes kyrkje. Kyrkja er kjent for altarskåpet sitt, ein triptych frå Utrecht med sentralskulptur av jomfru Maria, og med Heilag-Olav og Margareta av Antiokia i fløyene.