Grip kyrkje

Sideversjon per 26. mar. 2014 kl. 14:38 av Cnyborg (samtale | bidrag) (valgkirke)

Grip kyrkje (trad. uttale Gripkjerkjå ["gɾi:pˌçerʰçɔ.], Mal:D Gripkjerkjånn ["gɾi:pˌçerʰçɔɲ.]), ofte omtala som Grip stavkyrkje, er ei stavkyrkjefiskeværet Grip i Kristiansund kommuneNordmøre. Kyrkja, som ligg på det høgste punktet på Grip, kring 8 meter over havet, er ei enkel stavkyrkje av møretypen og er datert til kring 1470. Fram til kommunesamanslåinga med Kristiansund kommune i 1964 sokna kyrkja til Kvernes prestegjeld. Sidan 1967 har ho vore annekskyrkje til Kirklandet. Kyrkja vart ombygd i 1621 og i 1870-åra, og i 1933 fikk kyrkja sementfundament og ny utvendig bordkleding. På grunn av manglande jordsmonn på Grip var det ikkje kyrkjegard der, og alle gravferder gikk over ope hav til kyrkjegarden ved Bremsnes kyrkje. Kyrkja er kjent for altarskåpet sitt, ein triptych frå Utrecht i Nederland frå ca. 1515 med sentralskulptur av jomfru Maria, og med Heilag-Olav og Margareta av Antiokia i fløyene.

Grip kyrkje
Grip stavkyrkje alterskaap.jpg
Foto: mb.21
Endringar: 1621
1870-åra
1933
Kyrkjegard: ved Bremsnes kyrkje
Kyrkjesamfunn: Den norske kyrkja
Bispedøme: Møre
Prosti: Ytre Nordmøre
Prestegjeld: Kristiansund
Fellesråd: Kristiansund
Sokn: Kirklandet
Teknikk: stavverk
Materiale: tre
Altartavle: Triptych frå Utrecht, 1515
Sitteplassar: ca. 80

Koordinater: 63°13′11.06″ N 7°35′38.11″ Ø


Grip kyrkje i 2005.
Foto: Arnfinn Kjelland

Kyrkja var i 1814 valkyrkje for prestegjeldet.