Håvard Skirbekk: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Kjelder)
(Bibliografi)
Linje 68: Linje 68:


== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
*Opplysningar frå Sigurd Skirbekk og Gunnar Skirbekk pr. e-post til Hans P. Hosar, august 2010.
*Opplysningar frå Sigurd Skirbekk og Gunnar Skirbekk i e-post til Hans P. Hosar, august 2010.
*Norsk allkunnebok bd. IX, 1959, artikkel om Håvard Skirbekk.
*Norsk allkunnebok bd. IX, 1959, artikkel om Håvard Skirbekk.
*Norske skulefolk, Dreyer forlag 1952.
*Norske skulefolk, Dreyer forlag 1952.
Linje 78: Linje 78:


== Håvard Skirbekks eigne verk (utval) ==
== Håvard Skirbekks eigne verk (utval) ==
*[http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=101591764&kid=biblio Ny rettskriving - eit samnorsk mål : det vi har nådd og det som står att. 1938]
*[http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=981454232&kid=biblio Morsmål og skriftmål i Glåmdalen. 1940.]
*[http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=940153750&kid=biblio Skulehistorie : innføring og arbeidsrettleiing for lokalhistoriske granskarar, Noregs lærarlags skulehistorienemnd 1955.]
*[http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=74112954x&kid=biblio Hus og tun : Glomdalsmuseet, Elverum. 1963.]
*[http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=922120064&kid=biblio Vern og vurdering. Utvalde artiklar. 1970]
*[http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=802013201&kid=biblio Øvre Solør : alminnelig historie, bind 1-2.  1973, 1979.]
*[http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=931658314&kid=biblio  Tru og tenkjemåte : folkeminne frå Nordre Solør : samla 1923-1930. 1980.]
*Elverum bygdebok, bind 1, Bjølset og Hagen. Elverum kommune 1983.
== Fotnotar ==


<references/>
<references/>
{{DEFAULTSORT:Skirbekk, Håvard}}
[[Kategori:Fødsler i 1903]]
[[Kategori:Fødsler i 1903]]
[[Kategori:Dødsfall i 1983]]
[[Kategori:Dødsfall i 1983]]

Sideversjonen fra 5. sep. 2010 kl. 06:24

Håvard Skirbekk (fødd på Elverum 28. februar 1903, død på Hamar 4. februar 1983) var lærar, museumsmann, lokal- og kulturhistorikar og nynorskforkjempar med samnorsk orientering. Han er kjend for sin store innsats på svært mange felt innan organisasjons- og kulturliv på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. I 41 år var Skirbekk knytta til Glomdalsmuseet, fyrst som styremedlem frå 1929, så som konservator/førstekonservator og styrar 1950-1970. Han fekk i gang Årbok for Glåmdalen i 1941, og var redaktør for denne heilt frå starten til det siste året han levde.


Familie

Håvard Skirbekk var son av gardbrukarparet Gunnar Skirbekk (1859-1934) og Olea Skirbekk (fødd Elseth, 1867-1954).

I 1933 inngjekk han ekteskap med lærar Valborg Nergaard (1904-1994), dotter til lærar og skuledirektør Sigurd Nergaard (1873-1932) og Helga Pauline Nergaard (fødd Bækken, 1880–1961).

Håvard og Valborg Skirbekk fekk borna Sigurd Nergaard Skirbekk (fødd 1934, professor i sosiologi) og Bjørn Gunnar Skirbekk (fødd 1937, professor i filosofi).


Oppvekst og utdanning

Håvard Skirbekk vaks opp i eit venstrenasjonalistisk og sosialt engasjert miljø. Faren var aktiv venstremann og arbeidardemokrat, og elles ivrig folkeopplysningsmann, fråhaldsmann, målmann og forvarsven.

Sterke impulsar frå eit liknande miljø fekk Håvard Skirbekk utan tvil på Elverum lærarskule, der mellom anna den komande svigerfaren underviste på den tida. Sigurd Nergaard var også folkeminnesamlar og målmann, og han stod sentralt i arbeidet med Glomdalsmuseet i den fyrste tida 1910-1928.

Håvard Skirbekk tok lærareksamen i 1923. Han hadde eksamen artium frå latinlinja ved Hamar katedralskule.

Som lærar tok han ei rekkje vidareutdanningskurs, mellom anna i praktiske skulefag, biblioteksstell, språk og historie.


Yrkeslivet

Den fyrste stillinga Håvard Skirbekk hadde som lærar, var på Dovre 1923-1924. Deretter hadde han eit lengre opphald i Våler i Solør (1924-1936). I tidsrommet 1936-1946 var han tilsett ved Byggebeltet framhaldsskule i Vang, og ved Hamar folkeskule frå 1946 til 1952. I denne tida var han lærarlagsformann lokalt, fylkesformann i Hedmark krins av Noregs lærarlag 1945-1948, og i landsstyret for lærarlaget 1946-1951.

I 1948 hadde han stipend for eit halvt års opphald i USA for å lære om amerikansk skule.

I 1952 vart Skirbekk tilsett som konservator og styrar på Glomdalsmuseet, og arbeidde der til han gjekk av med pensjon som førstekonservator i 1970.


Museumsverksemda

Skirbekk var aktivt med i arbeidet for Glomdalsmuseet lenge før han vart tilsett der. Frå 1929 sat han i styret. Godt over halvparten av dei bygningane som nå tilhøyrer museet, vart reiste i Skirbekks tid fram til 1910. Heilt frå fyrst av, og med auka styrke i hans styrartid, vart det lagt vekt på etnologiske meir enn kunsthistoriske kriteriar i utvalet av hus og gjenstandar til museet. Det vil seie at det representative ut frå bruk og funksjon var viktigare enn praktstykket og det handverksmessig og kunstnarisk eineståande. Etter måten tidleg kom også den sosiale dimensjonen inn, mellom anna ved at det vart sikra bygningar frå ein husmannsplass allereie i åra 1943-1946, tidlegare enn ved dei fleste folkemusea elles.

I fyrste halvparten av 1950-talet skaffa Skirbekk til museet ei samling bygningar og anna materiale knytta til skogbrukskulturen. Han såg for seg at det skulle skipast ei eiga avdeling for dette på Glomdalsmuseet, og var usamd i at det i staden vart bygd opp eit eige skogbruksmuseum på Elverum.


Språkpolitikk og målføregransking

Særleg frå midten av 1920-talet vart Skirbekk engasjert i målsaka, mellom anna innan organisasjonen Østlandsk Reisning. Språkpolitisk var hovudsaka for dette laget å tilpasse nynorsken til austlandsk talemål, og laget gjekk inn for «et fælles norsk mål i Norge, høvelig for alle nordmænd», som det heitte i eit opprop frå 1918.[1]

Frå 1928 var Skirbekk formann både i Østlandsk Reisning og i den frilynte ungdomssamskipnaden Østlandsk Ungdomsfylking. Dei to organisasjonane smelta da meir eller mindre saman, men var ikkje verksame etter 1932. Skirbekk gjekk i staden inn i Austmannalaget, som var tilslutta Noregs mållag. Styret i Austmannalaget hadde gått sterkt mot den rettskrivingsnormalen som vart innført i 1938, der for nynorskens vedkomande i-formene (husi og boki) vart avløyste av a-former (husa og boka). På årsmøtet Austmannalaget i 1938 vart det gamle styret kasta med bakgrunn i standpunktet til rettskrivingsnormalen, og Skirbekk vald til ny formann.

Frå det same året var Skirbekk medlem i den nasjonale rettleiingsnemnda for nynorsk, og med opphald under krigen på nytt frå 1945. Han var så medlem i Norsk språknemnd og i arbeidsutvalet da dette organet vart oppretta i 1952. Ei viss tilnærming mellom dei to offisielle skriftmålformene var ei hovudsak for språknemnda. Det høvde godt med Skirbekks eige syn, som var «eit samnorsk [som] skal sameine det beste både i nynorsk og bokmål, bygd på det som er levande talemål i dag, på norsk folkemålsgrunn».[2]

Skirbekk var også vitskapleg interessert i målformer og språkhistorie, og skreiv utgreiingar om fleire målføre på Hedmarken, i Odal, Solør og Østerdalen.


Lokalhistorikar og kulturhistorikar

I 1941 vart Austmannalaget lagt ned som følgje av okkupasjonsregimets undertrykking av det frivillige organisasjonslivet. Da foreslo Skirbekk at dei i staden skulle gje ut ei kulturhistorisk årbok, og Årbok for Glåmdalen kom i stand. Skirbekk var den drivande kraft i dette arbeidet, og han var sjølv redaktør for årboka frå fyrste stund til og med den utgåva som kom i 1982, året før han døydde. 1983-årgangen vart laga til eit minneskrift over han.

Han hadde lenge før årboka vart starta drive aktivt med innsamling av folkeminne og tradisjonsmateriale elles, særleg systematisk i tida som lærar i Våler. Dette materialet vart fyrst utgjeve i 1980 (Tru og tenkjemåte; folkeminne frå Nordre Solør.)

Frå 1947 til 1957 var Skirbekk formann i Noregs lærarlags skulehistorienemnd. I samband med dette fekk han sett i gang eit omfattande registrerings- og rettleiingsarbeid, og gjorde mykje sjølv på dette feltet i sine heimetrakter. I 1955 kom heftet Skulehistorie. Innføring og arbeidsrettleiing for lokalhistoriske granskarar.

På 1950-talet gjennomførde Skirbekk med støtte frå Nordiska Museet granskingar av kulturkontakten mellom svenske og norske grensestrøk. Skirbekk meinte at Østerdalen burde studerast som eit sentralt strok i Skandinavia, ikkje ein periferi i Noreg.

Skirbekk har i Årbok for Glåmdalen og mange andre stader publisert mykje over 100 artiklar og større arbeid. Det har fyrst og fremst dreia seg om kultur-, slekts- og lokalhistoriske emne og om målføre og språkspørsmål. Av dei viktigaste større arbeida utanom den nemnde folkeminnesamlinga er Hus og tun frå 1963, som er ei bygningshistorisk utgreiing frå regionen, og bygdebøker for Øvre Solør (generell historie) og Elverum (gards- og slektshistorie).



Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå Sigurd Skirbekk og Gunnar Skirbekk i e-post til Hans P. Hosar, august 2010.
  • Norsk allkunnebok bd. IX, 1959, artikkel om Håvard Skirbekk.
  • Norske skulefolk, Dreyer forlag 1952.
  • Skirbekk, Håvard: Eleverum bygdebok bd. 1, Elverum kommune 1983.
  • Skre, Ivar: ”Håvard Skirbekk som museumsmann,” i Årbok for Glåmdalen 1983.
  • Vårt norske morsmål. Austmannalaget 1899-1959. Opplandske målkontor, Elverum 1959.
  • Årbok for Glåmdalen 1983. Minneskrift for Håvard Skirbekk, Elverum 1983.


Håvard Skirbekks eigne verk (utval)


Fotnotar

  1. Vårt norske morsmål side 40
  2. Vårt norske morsmål side 40