Høydal notlag: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 13: Linje 13:


Fangstinntekter for 1954 viser på ei «innberetning» til rikssattestyret frå Feitsildfiskernes Salslag, Trondheim, at det er utbetalt kr 8346,39. Det kan sjå ut som det er eit av dei gode åra.  
Fangstinntekter for 1954 viser på ei «innberetning» til rikssattestyret frå Feitsildfiskernes Salslag, Trondheim, at det er utbetalt kr 8346,39. Det kan sjå ut som det er eit av dei gode åra.  
===Bilde frå Høydal notlag===
<gallery>
Bilde:Notlag 1.jpg| Notlag 1
Bilde:Notlag 2.jpg| Notlag 2
</gallery>


[[Kategori: Volda kommune]]
[[Kategori: Volda kommune]]
[[Kategori: Fiske]]
[[Kategori: Fiske]]
[[Kategori:Notlag]]
[[Kategori:Notlag]]

Sideversjonen fra 30. jan. 2010 kl. 10:20

Høydal notlag var eit notlag i Høydalen i Volda. Det bestod av 14 partar. Det var alle fire bruka i Høydalsvikane, - Midgarden og Bakkane. Øvsteberget og to halvpartar i Nedsteberget, alle fire bruka på Bøen og to på Høydalsneset.

Rett etter krigen (1945) var det godt sildefiske i fjordane her og optimismen var stor. Då vart det investert i både båtar, naust og nøter. Men i slutten av femtiåra spakna optimismen og litt om senn vart det slutt. På oppgjerdsskjema for 1951 er ikkje inste Høydalsneset (85/1) med lenger. Mange lister manglar, så årstal kan vera vanskeleg å seie sikkert. I rekneskapen for 1952 er fire partar i Høydalsvik betalt ut, og dei to halvpartane i Nedsteberget har vorte ein heil part på 83/2. Det var då att 8 partar og dei beheldt namnet, Høydal notlag Notbåten som var rett etter krigen var berekna for årar, to par. Eit av årepara var berekna for to mann på åra. Båten var alt då gamal, men kor gamal er ikkje lett å fastslå.

Bak bakarste åreromet på notbåten var ei kraftig tofte som notspelet stod på. Det var hengsla så ein la det ned framover for at det ikkje skulle vera til hinder når ein rodde. Som vanleg var det rull bak til bruk når nota vart sett. På kvar side var utsparingar for lagerbukkar der ein la suta opp i. I høveleg avstand innom lagringane sette ein i septera som styrde nota så ikkje notlinet vart rive på sutelagera. På suta var sveiv med tannhjulsutveksling for å sveive inn nota. Før, når nota vart rodd ut, kunne suta også brukast når dei sette for å lette for roarane. Men vanleg var vel ein mann på kvar side som drog nota ut over rullen.

I den fyrste tida etter krigen vart Frost, M-14-VA brukt til å legge på sida av notbåten for å gå ut nota. Seinare vart gamlebåten til Anders Høydalsvik, M-55-VA Torleif, brukt på same måten.

Ein «spelbåt» var med i utrustninga då det var landnot. Den var også utstyrt med spel, derav namnet, sameleis som notbåten. Slik vart nota dradd inn frå båe endar. Dertil hadde mange med egne færingar så dei kunne ligge å «skimle» der nota ikkje hadde nått botnen.

Den 25/9 1951 vart det kjøpt ein gavlbåt frå Årsheim notlag, Selje kommune. Kjennemerke då var SF-113-S, motoren var 12 hk. Wikmann. Seinare gjekk krummtappen (veivaksel) på denne og ny motor vart kjøpt frå Olav Medlum(?), Haugesund. Motoren var Skud. 18 hk. Pris kr 2000,00. Båten vart registrert i Volda med kjennemerke M-9-VA. Men den har ikkje vore i det offisielle registeret, truleg fordi at selgar ikkje har raportert båten som solgt.

Fangstinntekter for 1954 viser på ei «innberetning» til rikssattestyret frå Feitsildfiskernes Salslag, Trondheim, at det er utbetalt kr 8346,39. Det kan sjå ut som det er eit av dei gode åra.

Bilde frå Høydal notlag