Forside:Volda kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Volda»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: Vanylven • Sande • Herøy • Ulstein • Hareid • Volda • Ørsta • Stranda • Fjord • Sykkylven • Sula • Giske • Ålesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Haram • Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog

Om Volda kommune
1519 Volda komm.png
Volda kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i nord til Ørsta og Ulstein, i sør til Stad og Stryn, i øst til Stranda og i vest til Vanylven. I sjøen er det grense til Herøy. Volda kommune omkransar, eller er delt av Voldsfjorden, med fjordgreinane Dalsfjorden og Austefjorden. Kommunen fekk sin noverande form i 2020, då tidlegare Hornindal kommune og to kretser frå Ørsta kommune vart innlemma. Administrasjonssenteret er tettstaden Volda med blant anna sjukehus og Høgskulen i Volda. Kommunen har fire kyrkjer, Volda kyrkje, Dalsfjord kyrkje, Austefjord kyrkje og Kilsfjord kyrkje.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar

Volda kyrkje eller Voldskyrkja som ho blir kalla, er ei krosskyrkje i tettstaden Volda i Volda kommune. Kyrkja har 800 sitjeplassar og det er kyrkjegard ved kyrkja.

Natta til 7. april 1929 brann den trekyrkja som stod her før ned. Arbeidet med planlegging av ny kyrkje kom fort i gang, med Arnstein Arneberg som arkitekt. Han laga fleire utkast, men det vart strid om ho skulle byggast i tre eller stein. I april 1930 bestemte soknemøtet at det skulle vere stein. Konstruksjonen er i betong med upussa gråstein som ytterkledning.   Les mer …

MB «Timann» a
MB «Holsvik-loddebåten»
MB «Wichmann» H 128 AM, frå 1946 MB «Timann» M 46 VA eller «Holmegrisen» M 46 VA var i flg. Register over merkepliktige norske fiskefarkostar 1948 s. 455/745 bygd i 1921 og er før 1948 overført til Volda. Eigar i Austrheim var Andreas Olsen, Fonnes. Den er i Austrheim oppgitt med desse måla: L/B/D: 28,0/9,0/4,5. Motoren er ein 5 HK Wichmann. Same opplysingar i same register s. 390 i 1936. Ved leiting bakover i fiskeriregisteret blir den førebels borte. Kanskje nokon som kjenner att historia kan skrive vidare på dei føregåande åra tilbake til 1921. Det var mange endringar som aldri vart innført i fiskeriregisteret, så her kan det bli eit fullstendig båtstykke med tida.   Les mer …

Haslekroken klar til bruk
Haslekroken, på godt austefjordsk «hasljekrokjinj» eller "natakrokinj", er ein reiskap som har gått ut av bruk for fleire tiår sidan. Den var ein par meter lang krok av tre, vanlegvis laga av hassel eller bjørk. I tjukkaste enden var det ei grein eller rot som danna ein kraftig krok. Brukaren heldt i den tynne enden.

Alle reidskapar blir oftast brukt til fleire ting. Den same, eller ei litt grovare utgåve var med når storuksane/"foreiningsuksane" skulle hentast frå sommarhamning. Då vart den brukt til å krøkje i naseringen for å få tau i ringen og dermed kontroll på uksane som oppførte seg som udyr etter månader på frifot.

Plukking av nøtter – nataplukking – var attåtnæring der gardane hadde hassel eller i daglegtale «nataskog». Hasselen er bøyeleg og føyeleg. Haslekroken vart brukt til å bøye ned greinene slik at den som plukkar kan unngå å klatre. Ein var ofte fleire i fylgje. Den som var tyngst og sterkast brukte kroken og henta ned grein for grein og heldt medan den som var snar plukka neter, gjerne med hamsen på. Så tok ein fangsten med heim og la den til turk og modning slik at alle netene sleppte hamsen av eigen fri vilje. Når netene sleppte hamsen var dei gjerne svakt brune på let/farge.   Les mer …

Volda orkester i 1934
Foto: Johan J. Nerbøvik

Volda orkester vart skipa i Volda 12. oktober 1934 etter eit par års førebuingsarbeid av ei sjølvoppnemnd skipingsnemnd. Orkesteret fekk vedtekter i 11 punkt, der det mellom anna er eit punkt der styret «hev høve til å gjere vedtak om missnøgje med eit eller fleire av orkesteret sine medlemer. I så fall går vedkomande ut av orkesteret 7 dagar etter hn får melding om vedtaket».

Det vart opna for passivt medlemskap (støttemedlemskap) i orkesteret.

Det første styret bestod av Johan Nerbøvik, formann, Per Enge, John Steinsvik og Oddvin Øvrelid som styremedlemer og Olav Hjelle som notemeister. På første styremøte vart Sivert H. Geitvik vald til dirigent, Oddvin Øvrelid til 1. kapellmeister og Per Enge til 2. kapellmeister.   Les mer …

Dette er «Varnes», truleg ein av fyrste turane med båten. På dekket framom rorhuset står Klara Marie Velle og Inge Rolv Velle.
MB «Varnes» F-10-LB. Kjenningsignal: 3YGO. L/L Vik Båtbyggeri bygde denne båten i 1946 for Alf Nilsen, Kjøllefjord i Lebesby. Det vart bygt nokre båtar i storleik rundt 35 fot. Desse båtane har det no seinare vore vanskeleg å spore opp. Varnes fann ein på eit bilde der fiskerimerket var synleg. I fiskeriregisteret finn ein namn på eigar, og det gir spor for meir opplysningar. Håkon Høydalsvik hugsar frå då båten var bygd. Båten var bygd tradisjonelt på doblingspant, truleg 5-toms tømmerbreidd. Korleis den tradisjonelle oppbygginga av skrog var ved Vik, har artikkelen Hud og dekk litt meir detaljar om.   Les mer …

Her har Dyrhaug fått fiskerinummeret måla på, og går ei runde utanfor båtbyggeriet
MB «Dyrhaug» (M-470-HØ / M-77-HØ) var bygd som kryssar, og er det største nybygget ved L/L Vik Båtbyggeri. Det vart rekna med at båten var 70 fot, men i fiskeriregisteret står båten med 68,3 fot. Båten vart levert på vårparten 1957. I fiskeriregisteret har båten, M-470-HØ. På baugen var påmåla M-77-HØ. Eigaren hadde rekna med å få bruke oppatt fiskerinummeret frå gamlebåten, men det vart ikkje slik det var tenkt. Sjå også spesifikasjonar i båtlista for Vik. Då båten vart sjøsett som ferdig båt, fekk skuleborna i Høydalen fri. Dei var om bord under sjøsettinga. Båten vart brukt til linefiske, og sildegarn på vinteren. Så vart båten vekkleigd til Måløyveringar som dreiv pigghåfiske. Eigaren var med som mannskap. På vårparten 1959 gjekk dei i fjøra sør om Shetland. Der havarerte båten, men mannskapet berga seg i det dei gjekk og stod i. Den største og kraftigaste båten fekk altså eit kort liv på sjøen.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Volda kommune
 
Andre artiklar