Hans Aanrud

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. okt. 2022 kl. 18:14 av Stigrp (samtale | bidrag) (setter inn datoer)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans Aanrud (fødd 3. september 1863 i Vestre Gausdal (no Gausdal kommune), død 11. januar 1953 i Lyngdal) var forfattar.

Han studerte jus og filosofi, men fullførde ikkje noko studium. Sitt rette emneområde som forfattar fann han da han gav ut forteljinga Hvorledes Vorherre fik høet til Asmund Bergemellem (1888). Han gav ut forteljingar av nokolunde same typen i Fortællinger (1891), Fra Svipop til Venaasen (1892) og andre samlingar. Aanrud er realist, fortel enkelt og ofte med humor om vanlege bygdefolk. I stilen har han drag frå folkeeventyret, stundom i personteikninga òg. I nokre av forteljingane er stemninga mørk, til og med uhyggjeleg, som i Vinternatt. Minne frå hans eiga barndomstid er grunnlaget for dei fine idyllane Sidsel Sidsærk (1903) og Sølve Solfeng (1910).

Frå 1910 til 1913 var han leiar i Den norske Forfatterforening.

Kjelder og litteratur

  • Dale, Johs. A.: artikkel i Norsk allkunnebok band X. Oslo 1966.
  • Elster, Kristian: artikkel i Norsk biografisk leksikon bind I. Oslo 1923.

'Engen, Arnfinn: Hans Aanrud i Norsk biografisk leksikon på snl.no. Hentet 11. oktober 2022 fra https://nbl.snl.no/Hans_Aanrud

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!