Hans Adam Torp

Hans Adam Jensen Torp (fødd ca. 1754 i Noreg, død i Lom eller Skjåk 1842) var offiser og gardbrukar. Han oppnådde grad av kaptein og var kompanisjef.

Gjennmgådde kjelder opplyser ikkje om foreldre og bakgrunn, anna enn at faren heitte Jens og var klokkar. Eter alt å dømme var Hans Adam Torp eit døme på at gutar frå allmugen kunne avansere til offiser og dermed kome inn i det kondisjonerte samfunnssjiktet. Torp gifta seg i 1793 med Christiane Hansdotter Skaug (fødd ca. 1755, død i Lom 1834). Heller ikkje hennar bakgrunn kjenner vi til. I Ættebok for Skjåk er ho omtala som Kristiane Døndahl. Ekteparet fekk tre born: Karen Dorthea (fødd ca. 1795), Jens Jørgen (fødd ca. 1797) og Anne Cathrine (fødd ca. 1802).

Hans Adam Torp kom i militærteneste ca. 1771 og vart underoffiser i 1776. I 1788 vart han offiser, fenrik ved 1. Opplandske nasjonale infanteriregiment, Nordre Hedemarkske kompani. To år seinare avanserte han til sekondløytnant og var da ved Opplandske regiments Ringebuske kompani. Han vart premierløytnant ved Kvamske kompani i 1797. I folketeljinga 1801 er familien busett i Øyer.[1] Frå 1802 var han ved Lomske kompani, der han vart kaptein og kompanisjef frå 9. januar 1807. Han søkte om og fekk avskil frå nyttår 1809, og vart innvilga ein årleg pensjon på 200 riksdalar.

Som kompanisjef budde han og familien på sjefsgarden Hågå (gnr. 44.1 «Kafteins-Hågå»)nedst i Bøverdalen, kanskje også før 1807. I 1809 kjøpte Torp garden Mork i Øvergrenda på Nørdre Strond i Lom. Han stod sjølv inne for garden til 1821, da han overlet den til dottera Karen Dorthea og svigersonen Ola Steinarsen med føderådsavtale. Svigersonen døydde i 1824, og Mork vart seld på auksjon i 1827. Enkja gifta seg på nytt i 1829 og flytta til Skjåk. Dei aldrande foreldra Hans og Christiane flytta da til Uppistugu Ekle i Lom, der dei to andre borna deira budde på det tidspunktet. Der døydde Christiane i 1834. Hans dam Torp levde i seks år til som enkjemann. Ved dødsfallsinnførsel i kyrkjeboka står det at han døydde på «Præstegaarden».[2] Helst tyder dette at han var hjå dottera Karen Dorthea i Skjåk, der ho og mannen var brukarar på Prestgarden (gnr. 20). Men det er også sjølvsagt mogleg at den gamle kapteinen kan ha hatt losji i den romslege prestegarden i Lom.

Referansar

Kjelder og litteratur

  • Kolden, Jon, ansv. red. Arnfinn Kjelland: Bygdabok for Lom 2. Gards- og ættesoge for Lii, Staurustgrendi og Strondi. Snøhetta forlag. Lom kommune 2002. (Særleg side 424).
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814, bd. 2. Norsk Slektshistorisk Forening. Oslo 1949.