Hans Seip: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(bilete)
(ref Engesæter og Thue)
Linje 5: Linje 5:
Gjennom tida i Bergen var Seip medlem i bystyret (Venstre) 1914-29 og formannskapet 1920-29, og han var ordførar i Bergen 1923-24. I tillegg sat han i ei rekkje kommunale komitear og styre, mellom anna som formann i representantskapet i [[Bergenshalvøens kommunale kraftselskap]] 1923-29. Frå 1925 til 1930 var han vararepresentant til Stortinget for Bergen (Venstre) og møtte heile sesjonane 1925 og 1929, og i kortare periodar dei andre sesjonane.  

Den 2. november 1929 vart Seip utnemnd til [[Fylkesmenn i Sogn og Fjordane|fylkesmann i Sogn og Fjordane]] etter [[Ingolf Elster Christiansen]] som var utnemnd til fylkesmann i Oslo og Akershus same hausten. Ved valet i 1933 vart Seip vald til stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane, og han sat på Stortinget resten av levetida. Frå 1934 var han medlem i militærkomiteen der han var formann frå 1937, eit ombod han såleis hadde under krigsutbrotet.  
Den 2. november 1929 vart Seip utnemnd til [[Fylkesmenn i Sogn og Fjordane|fylkesmann i Sogn og Fjordane]] etter [[Ingolf Elster Christiansen]] som var utnemnd til fylkesmann i Oslo og Akershus same hausten. Ved valet i 1933 vart Seip vald til stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane, og han sat på Stortinget resten av levetida. Både som fylkesmann og politikar var Seip mykje oppteken av kommuneøkonomi og samferdsle, særleg vegbygging. Frå 1934 var han medlem i militærkomiteen der han var formann frå 1937, eit ombod han såleis hadde under krigsutbrotet.  

Då han kom heim frå Stortinget etter den tyske invasjonen, leia Seip mobiliseringa og den følgjande demobiliseringa i Sogn og Fjordane i lag med politimeisteren i Sogn, [[Finn Dahlin]]. Seip ytte open motstand mot nazifiseringa, mellom anna under fylkestinget sommaren 1941 ved å snu ryggen til ein NS-ordførar som heldt propagandatale og nekte å sende helsingstelegram til Quisling. NS-styret avsette Seip som fylkesmann 25. juli 1941 på same tida som mange andre fylkesmenn òg vart avsette. Som ny fylkesmann vart [[Vidar Atne]] konstituert. Han var tre veker tidlegare utnemnd som kontorsjef i fylkesmannsembetet. Seip busette seg deretter i [[Fjærland]] der han vart involvert i illegalt motstandsarbeid. Han skreiv òg manuskriptet til det store verket ''Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga'' (utg. 1958).  

Linje 17: Linje 17:
*[http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036708010195 Hans Kristian Seip i folketeljinga 1910 for Bergen]
*[http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036708010195 Hans Kristian Seip i folketeljinga 1910 for Bergen]
*[http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=8683 Minnestein over fylkesmann Hans Seip] (av Hermund Kleppa), Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2003.
*[http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=8683 Minnestein over fylkesmann Hans Seip] (av Hermund Kleppa), Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2003.
*{{ Kilde bok | forfatter = Engesæter, Aage (1951-) | utgivelsesår = 1988 | tittel = Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år | isbn = 8252130860 (ib.) | utgivelsessted = Oslo | forlag = Samlaget | url = http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2013071205074 | side = }} - ''mange stader''
*Kleppa, Hermund og Einar Svartefoss. (2005). Fylkesmann avsett av NS-regimet. I Grethe Eithun, m.fl. (red.), ''Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945'' (s. 395-396). Førde: Selja forlag.

*{{ Kilde bok | forfatter = Haffner, Vilhelm (1864-1959) | utgivelsesår = 1949 | tittel = Stortinget og statsrådet: med tillegg til Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914 | utgivelsessted = Oslo | forlag = [Aschehoug] | url = http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2007060100024 | side = 631}}  

Sideversjonen fra 14. apr. 2015 kl. 07:04

Hans Kristian Seip

Hans Kristian Seip (fødd 6. november 1881 i Røyken, død 14. mars 1945 i Lærdal) var vegingeniør, fylkesmann i Sogn og Fjordane og stortingsrepresentant.

Hans Seip var son av sokneprest Jens Lauritz Seip (1852-1913) og Marie Frederikke Aubert (1853-1931). Han var fødd i Røyken i Buskerud, men voks opp i Åseral i Agder. Seip tok eksamen ved Kristiania tekniske skole i 1900 og studerte ved Zürich Polytechnikum 1902-03. Han arbeidde i Statens vegvesen i Hedmark 1900-02, Møre 1903-09 og Hordaland 1909-15. Han var avdelingsingeniør ved vegvesenet i Bergen frå 1915 og var vegsjef i Bergen 1921-29.

Gjennom tida i Bergen var Seip medlem i bystyret (Venstre) 1914-29 og formannskapet 1920-29, og han var ordførar i Bergen 1923-24. I tillegg sat han i ei rekkje kommunale komitear og styre, mellom anna som formann i representantskapet i Bergenshalvøens kommunale kraftselskap 1923-29. Frå 1925 til 1930 var han vararepresentant til Stortinget for Bergen (Venstre) og møtte heile sesjonane 1925 og 1929, og i kortare periodar dei andre sesjonane.

Den 2. november 1929 vart Seip utnemnd til fylkesmann i Sogn og Fjordane etter Ingolf Elster Christiansen som var utnemnd til fylkesmann i Oslo og Akershus same hausten. Ved valet i 1933 vart Seip vald til stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane, og han sat på Stortinget resten av levetida. Både som fylkesmann og politikar var Seip mykje oppteken av kommuneøkonomi og samferdsle, særleg vegbygging. Frå 1934 var han medlem i militærkomiteen der han var formann frå 1937, eit ombod han såleis hadde under krigsutbrotet.

Då han kom heim frå Stortinget etter den tyske invasjonen, leia Seip mobiliseringa og den følgjande demobiliseringa i Sogn og Fjordane i lag med politimeisteren i Sogn, Finn Dahlin. Seip ytte open motstand mot nazifiseringa, mellom anna under fylkestinget sommaren 1941 ved å snu ryggen til ein NS-ordførar som heldt propagandatale og nekte å sende helsingstelegram til Quisling. NS-styret avsette Seip som fylkesmann 25. juli 1941 på same tida som mange andre fylkesmenn òg vart avsette. Som ny fylkesmann vart Vidar Atne konstituert. Han var tre veker tidlegare utnemnd som kontorsjef i fylkesmannsembetet. Seip busette seg deretter i Fjærland der han vart involvert i illegalt motstandsarbeid. Han skreiv òg manuskriptet til det store verket Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga (utg. 1958).

Seip vart sjuk og døydde 14. mars (ikkje 25. mars) 1945 i Lærdal. Etter eige ynske vart han gravlagd i Fjærland. Fylket sette opp ein minnestein på grava hans i 1949.

Hans Seip gifte seg 7. september 1904 med Inga Larsen (f. 1879) frå Koparvik. Dei fekk borna Jens Arup Seip (historikaren) og Inge Seip.

Kjelder og litteratur