Hauggrend er den nordlegaste grenda i Fyresdal kommune. Gardane ligg i ei vestvendt lid som strekker seg frå litt høgt oppe i åskanten og ned til strendene ved Skredevatn. Jordsmonet er lett og staden prega av varmekjære tre som ask og hassel. Det er grunnlendt, frå gamalt av mykje stein i jorda og berggrunnen prega av skuring av isen i istida langsetter dalen.

  • Namn

Namnet Hauggrend kjem av namnet til den eldste garden i grenda som er Haugane. Haugann eller haugane er fleirtal av haug. Vatnet her i grenda heitte før Foldsæ, det tyder vatnet som breier seg ut/det breie vatnet. Det heitte det i 1595 då Biskop Nilssøn på visitasferd skreiv Faansøe/Fonsøe. I eit skøyte frå 1831 står det så Skræevand og dette vert nytta sidan, skrive varierande som Skræi-vatnet og Skrede-vatn mellom anna. Folk i grenda nyttar nemninga Skredevatn med stum d. Mellom 1595 og 1831 har ein altså gått burt frå det gamle namnet Foldsæ og gjeve vatnet namn i samsvar med gardane på vestsida av vatnet, Skræi/Skrede, meir i samsvar med den tids tankegang. Elva som renn ut av Skredevatn og ned i Vråvatn heiter framleis i 2017 Foldsæ elv og brua over denne heiter Folseth bru. - Ei skrede er statisk, resultat av eit skred, der er det ofte rydda gardar på grunn av god jord. Eit skred er dynamisk, eit buldrande ras. Å kalle dette rolege vatnet for Skredvatn slik det i 2017 vert gjort av kartverket er historielaust mildast talt. Garden Foldsæ ligg høgt oppe i lia, har ingen tilknyting til vatnet. I 1838 vart namnet skrive Folsæt. Den ligg på eit stort relativt flatt område i ei elles bratt lid, eit sete, altså eit namn i samsvar med staden og ikkje det breie vatnet, eit namn som er meiningslaust når ein tenker etter. Her er det eit eller anna som er skjedd med namnebruken.

  • Tidleg soge

Frå byrjinga av var det berre ein gard her med busetnad, denne låg om lag der gnr. 95/2 Øvre Haugane er no. Det er funne brynje og sverd i området og ei øks frå yngre jernalder. I skogen er ei rekke fangstgraver for elg.

  • Busetnad

Haugane var heilt sikkert i drift under perioden med maksimum busetnad, før 1350, og i perioden med minimum busetnad, ca.1550. Haugane har altså ikkje vore øydegard. Syd for Haugane ligg Midtgarden, dette var lenge eit underbruk og nemninga er ofte å sjå som «Haugane med Hammershus», slik det var 1688. Hammershus er det gamle namnet på det som vart Midtgarden, garden var ein del av «matrikkelgarden Haugane med Hammershus» fram til den nye matrikkelen av 1838. I 1801 vart Midtgarden dela i eit øvre og eit nedre bruk. I 1831 vart sjølve Haugane og dela i eit øvre og eit nedre bruk. Frå gamalt av var og gardane gnr. 94 Tveiten Austre som vi fyrst i1602 finn i skattelistene, og gnr. 93 Foldsæ som i alle høve låg aude på 1500talet og der er ikkje ført brukarar i skattelista 1593. Her var mange husmannsplassar i grenda og etter kvart vart det delt frå ei rekke mindre bruk, og bustadtomter.

  • Samferdsel

Det har alltid vore ein ferdaveg gjennom Hauggrend. Den eldste var ein rideveg som kom frå Bandaksli og gjekk gjennom tunet på Haugane og vidare til Veum i syd. Frå Haugane gjekk det og ein rideveg over heia og ned til Vråliosen. Det er desse vegane biskop Nilssøn fortel så detaljera om frå si visitasferd i 1595. Haugane var då eit knutepunkt og her var i1679 den eldste skysskaffarstasjonen i Hauggrend. I 1831 gjekk ikkje vegen oppom den gamle garden men var lagt lågare ned i bakken slik at ein slapp ein del bakkar. Då var garden Nedre Haugane kome til og der var ei stund skysshaldarstasjon. Båe desse gamle vegane er tydeleg å sjå i 2017. Omkring 1905 vart det laga ein enno meir «brukarvenleg» veg enno litt lågare i lendet og det er om lag den traseen som er no for fylkesvegen. I denne samanhengen vart det bygd to praktfulle steinkvelvbruer i grenda, Berge Bru og Leirfall Bru. Då vart det skipa til ein skysshaldarstasjon på Rindebakken. Til å brønne hestane vart det satt opp eit drikkekar i tilhoggen stein ved Grjotbekk/Sagåa like nord for sjølve grenda. Båe bruene er på plass i 2017, brønnbalet ved Sagåa vart flytta til Fyresdal Bygdemuseum på grunn av utviding av fylkesvegen.

  • Skulesoge

Hauggrend skule. Før det vart bygd skulehus i Hauggrend vart det leigd rom til skulehald for vinteren på ein av gardane Fossum, Midtgarden Nedre eller Midtgarden Øvre. Skulehus vart det bygd i 1900, ein typisk tømra bygning med skulestove og to små rom i enden, det eine til bustad for læraren. Bislag framom dørene. Skulestaden heiter Ystehaug, yst er dialekt for ytst eller yttarst. Dette er den yttarste haugen mot sør på Haugane/Midtgarden før ein kjem til nabobruket, Ystehaughallet er i mellom. Skulen vart nedlagd i 1993 og etter kvart vart skulehuset med uthus og tilhøyrande tomt vederlagsfritt førd over til Hauggrend grendelag og fungerer i 2017 som eit godt drive og vedlikehalde grendehus. Foldsæ. Gnr. 93 bnr.1 Foldsæ vart i 1897 kjøpt av Fyresdal kommune og nytta til fattiggard og gamleheim fram til 1922. Frå 1923 var der landbruksskule, fyrst i privat regi og så fylkeskommunal, fram til 1989 då landbruksskulen vart nedlagd. Då vart Sørnorsk Økosenter Foldsæ A/S, senter for fleirsidig naturbruk, skipa til på staden og var i aktivitet fram til 2002 då drifta av menge grunnar vart avslutta. Då kom Hurum Vidaregåande Steinerskule inn i biletet. Steinerskulen var i drift fram til 2010 då to private eigarar tok over det heile og med det er det førebels slutt på drift som skulestad.

  • Verksemder

Fina bensinstasjon og Roankroa vart grunnlagd og drive av Halvdan og Anna Veum, dei dreiv og Roan Camping i Veumosen. Dette er i 2017 førd vidare som Telemark Camping & Inn av dottersonen med familie. Fossumsanden Camping vart grunnlagd og drive av Einar og Aslaug Lie og er i 2017 førd vidare som Fossum Kurs- og Feriesenter/Fossumsanden Camping.

Forretning. Like nord for Berge bru er bygningen Bergesbua. Der hadde Handelslaget, seinare Samvirkelaget på Øyane, filial etter krigen. Då det vart avslutta bygde Hans og Agnes Kittilsen bustadhus med butikk og postopneri på Haugland Gnr. 92/9. Då denne brann vart det etter ei stund bygd eit forretningsbygg og starta ny forretning like nord for Roankroa.




Kjelder og til utdjuping:
  • Marvik, Steinar. Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992.
  • Biskop Jens Nilssøns Visitasbøger og reiseoptegnelser 1574-1597. Ei utskrift datera Kristiania 1885.
  • Taraldlien, Bendik. Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.
  • Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989. Fyresdal skulestyre 1989.
  • Foldsæ – gnr.93 bnr. 1 i Fyresdal kommune. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2005
  • Aasen, Ivar. Ordbog over det norske Folkesprog. Ny utgåve: Det Norske Samlaget. Oslo 2000
  • Lars Ivar Hansen. Markebol og ødegårder 1980