Helleland kommune

Helleland kommune er ein tidlegare kommune i Dalane i Rogaland. Helleland besto av dalføret rundt Teksåna, nordaust for Egersund. Kommunen vart oppretta i 1837, i samband med innføringa av det kommunale sjølvstyret. Helleland gjekk i 1965 inn i den nye storkommunen Eigersund, saman med bykommunen Egersund, landkommunen Eigersund og Gyadalen i Heskestad. I 1965 budde det 851 innbyggjarar i Helleland, fordelte på 148 kvadratkilometer.

Kjelder og litteratur