Hemnværing: Forskjell mellom sideversjoner
m (Teksterstatting – «kategori:Hemne kommune» til «Kategori:Hemne Kategori:Heim kommune») |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 26: | Linje 26: | ||
[[Kategori:Hemne]] | [[Kategori:Hemne]] | ||
[[Kategori:Heim kommune]] | [[Kategori:Heim kommune]] | ||
[[kategori:Snillfjord kommune]] | [[kategori:Snillfjord]] | ||
[[Kategori:Orkland kommune]] | |||
[[kategori:Fosen]] | [[kategori:Fosen]] | ||
[[kategori:Dialekter]] | [[kategori:Dialekter]] | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Nåværende revisjon fra 1. jan. 2020 kl. 10:26
Hemnværing (lokal uttale ["hæm:ˌvær.eŋ] el. ["hæmnˌvær.eŋ]), òg kalla hemnemål og hemnedialekt, er den tradisjonelle dialekten i Hemne og deler av Snillfjord i Fosen i Sør-Trøndelag. Hemnværing blir klassifisert som ein underdialekt av nordmøring, som i sin tur er ei undergruppe av dei uttrøndske dialektane av trøndermål.
Fonologi (lydlære)
Som i dei fleste andre nordmørsmåla er tendensen i hemnværing at konsonanten i jamvektsord blir lengd (komma, vekko). Diftongane ei, øy og au er stort sett bevarte, anna enn vestafor Vinjeøra, der ein kan ha monoftongisering av ei til ε og øy til ʌ i stavingsinnlyd. Vokalen ʌ er mykje bruka i ord som dʌr (‘dør’), stʌ’r (‘større’) i eldre mål. Yngre mål har gjerne overgang til æ eller, vanligast, ø i desse orda.
Morfologi (ordlære)
Substantiv
Hemnemålet skil mellom sterke og svake hokjønnsord. Sterke hokjønnsord har normalt endinga -a i bunden form eintal nominativ og akkusativ (róta), og svake hokjønnsord har normalt endinga -o (bøtto). Dativ fleirtal har m-bortfall (karo, húso).
Adjektiv
Adjektiv av typen roleg/rolig har endinga -li i hemnværing. Dette er i samsvar med smølværing, aurgjelding og kristiansunder innafor andre nordmørsmål og stemmer elles med dialektane lenger nord og aust.
Syntaks (setningslære)
Kasus
Hemnværing har tradisjonelt dativ av personlige pronomen og i bunden form av substantiv.
Bibliografi
- Aune, Kolbjørn: “Dem snakka på -o” : dialekten i Hemne, Hemne mållag, Hemne 1985.
- Sivertsen, P.A.: Maalet i Hemna. Oslo (Student-maallaget), 1906. nettutgåve