Herbjørn Svalestuen: Forskjell mellom sideversjoner

m
{{nn}}
(Art. om Herbjørn Svalestuen)
 
m ({{nn}})
 
(5 mellomliggende versjoner av 3 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
'''Herbjørn Svalestuen''', fødd 1867, var ein av dei viktigaste samfunnsbyggjarane og lokale strategane i [[Tinn kommune]] på slutten av 1800- og første halvleik av 1900-talet. Svalestuen var ein drivande næringslivsmann i kommunen og ein sentral aktør innanfor eit breitt spekter av offentleg verksemd. Svalestuen var landhandlar i bygda i ei årrekkje, og han engasjerte seg i dampskipsdrift på Tinnsjøen, i sparebankverksemd, telefonselskap og andre samferdsletiltak. Han sat i kommunestyret i [[Tinn]] i fleire periodar og hadde mange viktige offentlege verv. I 1928 fekk han [[Kongens fortenestemedalje]] i sølv. Svalestuen døydde i 1952.
'''[[Herbjørn Svalestuen]]''' (fødd 1867, død 1952) var ein av dei viktigaste samfunnsbyggjarane og lokale strategane i [[Tinn kommune]] på slutten av 1800- og første halvleik av 1900-talet. Svalestuen var ein drivande næringslivsmann i kommunen og ein sentral aktør innanfor eit breitt spekter av offentleg verksemd. Svalestuen var landhandlar i bygda i ei årrekkje, og han engasjerte seg i dampskipsdrift på Tinnsjøen, i sparebankverksemd, telefonselskap og andre samferdsletiltak. Han sat i kommunestyret i [[Tinn]] i fleire periodar og hadde mange viktige offentlege verv. I 1928 fekk han [[Kongens fortenestemedalje]] i sølv.

== Landhandelen på Sigurdsrud ==
== Landhandelen på Sigurdsrud ==
Linje 8: Linje 8:

== Engasjement i offentleg og kommunal verksemd ==
== Engasjement i offentleg og kommunal verksemd ==
Parallelt med sine mange næringslivsoppgåver engasjerte Svalestuen seg tidleg i kulturliv og politikk. I 1893 tok han initiativet til å starte [[Atrå songkor]], som han også dirigerte i mange år. Same år var han med å stifte [[Tinn Skilag]]. Han var også i mange år formann i styret for Atrå folkeboksamling. Og da [[Bladet Rjukan]] blei starta opp i 1914, var Svalestuen nærast sjølvskriven som medlem av styret. Frå og med 1916 var han medlem av heradstyret i Tinn og sat i formannskapet frå 1935. I dei mange åra Svalestuen sat i heradstyret hadde han også andre tunge politiske verv; han var medlem av finansutvalet i Tinn i 12 år, like lenge var han medlem av skolestyret. Vidare var han medlem av likningskommisjonen og overformynderiet. På 70-årdagen i 1937 vart han omtalt slik i Rjukan Dagblad:
Parallelt med sine mange næringslivsoppgåver engasjerte Svalestuen seg tidleg i kulturliv og politikk. I 1893 tok han initiativet til å starte [[Atrå songkor]], som han også dirigerte i mange år. Same år var han med å stifte [[Tinn Skilag]]. Han var også i mange år formann i styret for Atrå folkeboksamling. Og da [[Bladet Rjukan]] blei starta opp i 1914, var Svalestuen nærast sjølvskriven som medlem av styret. Frå og med 1916 var han medlem av heradstyret i Tinn og sat i formannskapet frå 1935. Svalestuen representerte partiet Venstre. I dei mange åra Svalestuen sat i heradstyret hadde han også andre tunge politiske verv; han var medlem av finansutvalet i Tinn i 12 år, like lenge var han medlem av skolestyret. Vidare var han medlem av likningskommisjonen og overformynderiet. På 70-årdagen i 1937 vart han omtalt slik i Rjukan Dagblad:

{{sitat|… I løpet av sit lange virke i hjembygden, er han så å si blitt et av dens faste holdepunkter, mannen med det kloke omdømme og rike erfaring som titt og ofte har vært god å ty til. Han er av den seige, utholdende type, som aldri «flyr op», men overveier og tenker nøie over tingene. Hans argumenter har derfor alltid vekt, og blir lyttet til. Som finansmann har han vist stor dyktighet, en dyktighet som også er kommet kommunen til nytte gjennom det lange og opofrende arbeide han har ydet for den…}}

Linje 15: Linje 15:
*Einung, H.H.: ''Tinn soga'', band I, Rjukan 1926.
*Einung, H.H.: ''Tinn soga'', band I, Rjukan 1926.
*Hegna, Hallvard: ''Song i 100 år'', Attrå songkor 1893-1993.
*Hegna, Hallvard: ''Song i 100 år'', Attrå songkor 1893-1993.
*''Rjukan Dagblad'', 25. september 1937.
*Tverberg, John: ''Byen Sigurdsrud, Tinn i Telemark'', Telemark Trykk AS, Notodden 2007.
*Tverberg, John: ''Byen Sigurdsrud, Tinn i Telemark'', Telemark Trykk AS, Notodden 2007.
{{DEFAULTSORT:SVALESTUEN; HERBJØRN}}
[[Kategori:Tinn kommune]]
[[Kategori:Lokalpolitikere]]
[[Kategori:Fødsler i 1867]]
[[Kategori:Dødsfall i 1952]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Landhandlere]]
[[Kategori:Kongens fortjenstmedalje]]
{{nn}}