Herman Munthe-Kaas

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jan. 2013 kl. 12:41 av Robert Øfsti (samtale | bidrag) (gjenreisingsarkitektane)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Herman Munthe-Kaas (født 25. mai 1890 i Oslo, død 3. mai 1977 i Oslo) var ein norsk arkitekt, som virka i Oslo frå 1921 til ca 1972.

Han var utdanna ved Kristiania tekniske skole, Statens Håndverks- og kunstindustriskole og Kungliga Tekniska Högskolan i Stockholm i åra 1910-1919, og arbeidde som arkitekt i Oslo frå 1921, frå 1922 i samarbeid med Gudolf Blakstad. Dette firmaet sto bak ei rekkje hovudverk i norsk nyklassisisme og funksjonalisme i mellomkrigsåra.

Saman med Blakstad har han tegna ei rekkje bygningar i Bodø:Mest kjend er Bodø domkirke frå 1956, etter 1. premie i arkitekttevling frå 1947. Domkirka vart freda i 2002. Den første bygninga firmaet tegna i Bodø var Jakhellngården, forretningsgård Sjøgata 15/17 frå 1947, med påbygg i 1957. Bygget vart prosjektert allereie i 1943 for Chr. A. Jakhelln.Andre bygg i Bodø: Merkurgården, ein forretningsgård i Storgata 1 i 1948, og Storgata 3, Grand Hotell,(1939 og 1948). Post- og telegrafbygningen i Havnegata 9 frå 1950, med tilbygg av samme firma 1979. Sandgata 5b. Forretningsgård for Oscar Hoff. ca 1950. Storgata 10. Handelens Hus. 1958. Tollbugata 9. Forretningsgård for Joh. Løvold, ca 1960 Bodø rådhus i Kongens gate 23er frå 1962, med bibliotekfløya tilføyd 1967. Solparken ved Rådhuset 1962 med Musikktribunen frå 1963.

Blakstad og Munthe-Kaas har også tegna Kjølnes fyr i 1949, Gamvik kirke i Hammerfest prosti i 1958, Kautokeino yrkesskole i 1957, Postbygget og telegrafbygget og administrasjonsbygningen til A/S Sydvaranger i Kirkenes, Post- og telegrafbygget i Dronningensgate 54 og industribygning for LKAB i Havnegata i Narvik.

Blant kontoret sine arbeid utanom Gjenreisingsbyane kan særleg nemnast: Kunstnernes Hus 1930. Odd Fellowbygninga 1934. Oslo Handelsgymnasium 1940. Saga kino 1934. Klingenberg kino 1938, alle i Oslo. Haugesunds rådhus 1924 -31, Norges Banks avdeling i Gjøvik,Sjømannskirken i Göteborg, 1958 og Elgeseter bru i Trondheim frå 1951. Munthe- Kaas har også tegnaRingerike krematorium frå 1971 og Alfaset Gravkapell frå 1972.

Kilder og lenker

* Liste over gjenreisningsarkitekter fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur
* Norsk kunstnerleksikon. 1983-86
* biografi hos Store Norske Leksikon
* biografi hos Wikipedia
* 


Senter for gjenreisningsarkitektur logo.jpg Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.