Holtsåsvegen

Sideversjon per 14. jul. 2019 kl. 01:24 av Rool (samtale | bidrag)

Holtsåsvegen i Sauherad kommune går aust- og sørover frå Nordagutuvegen. I enden splittar vegen seg opp i fleire greiner som endar ved einebustader.

Holtsåsvegen sett austover frå Nordagutuvegen.
Foto: Roy Olsen (2019).

Fram til tidlegare Holtsås stasjon er vegen ein del av Fv 360. Det er usikkert kva vegnamnet kjem frå. Det kan vere jernbanestasjonen eller den høge åsen Holtsås som ligg eit stykke unna. Tidlegare het vegen Holtevegen etter Holte-gardane, eit namn som blei vedtatt i 1999. I 2009 endra ein namnet til Holtsåsvegen.

Holtsås blei oppretta som haldeplass i 1917, oppgradert til stasjon i 1930. Blei ubemanna i 1968, og haldeplass igjen i 1990. Da blei også krysningssporet fjerna. I dag er staden utan togstopp, og stasjonsbygningen er overtatt av private som bustad.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Banedata 2013, Thor Bjerke (red.) Hamar/Oslo 2013.
  • Statens vegvesen: veikart.


Koordinater: 59.46060° N 9.32813° Ø