Hordaland Sogelag

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Hordaland Sogelag er ein paraplyorganisasjon for dei lokale sogelaga i Hordaland. Laget vart skipa i 1986 som eit fylkeslag for Landslaget for lokalhistorie. Alle soge- og historielag i Hordaland fylke kan såleis vera medlemmer.

Ei hovudoppgåve for Hordaland Sogelag har vore å samordna arbeidet med dei årlege lokalhistoriske dagane i Hordaland. Laget har dei siste åra arrangert studieturar i vesterveg, som har gått til m.a. Shetland, Orknøyane, Isle of Man og Island.

Hordaland Sogelag starta i 2010 ein skriftserie, Segn og soge, som i 2011 er kome med eitt hefte, ei samling artiklar av historikaren Anton Espeland.

Formenn/leiarar

  • Jan B. Thorsheim 1986-1991
  • Arnstein Lohndal 1991-1995
  • Berit Kvalvik 1995-1999
  • Åse Eikemo Strømme 1999 - 2002
  • Marta Rykkje 2002-2003
  • Berit Kvalvik 2003-2005
  • Åse Eikemo Strømme 2005-2006
  • Else Marie Kind Hevrøy 2006-2014
  • Mikal Heldal 2014-2017
  • Knut Farestveit 2017-

Åse Eikemo Strømme og Mikal Heldal har sete i styret i Landslaget for Lokalhistorie, Heldal også som leiar.

RÅTEKST

Halda årsmøte og lokalhistoriske dagar kvart år. Halda kurs for medlemene minst to gonger for året. A Støtta lokallaga ved å møta dei t.d. når dei har årsmøte og jubileum. Om lag 5000 Stabilt Jamn aktivitet.

Årsmøte og lokalhistoriske dagar. Kurs for medlemene. Studieturar.

Dei fleste lokallaga gjev ut årbøker. Det er halde kurs for lokallaga i å byggja opp biletsamlingar på nett. I 2011 vart det halde 25-årsubileum for Hordaland sogelag. Eit prosjekt har vore kurs i treskolaging.


Eksterne lenkjer

  • Hordaland Sogelag si heimeside [1]