Hordaland Sogelag

Hordaland Sogelag er ein paraplyorganisasjon for dei lokale sogelaga i Hordaland. Laget vart skipa i 1986 som eit fylkeslag for Landslaget for lokalhistorie. Alle soge- og historielag i Hordaland fylke kan såleis vera medlemmer.

Ei hovudoppgåve for Hordaland Sogelag har vore å samordna arbeidet med dei årlege lokalhistoriske dagane i Hordaland. Laget har dei siste åra arrangert studieturar i vesterveg, som har gått til m.a. Shetland, Orknøyane, Isle of Man og Island.

Hordaland Sogelag starta i 2010 ein skriftserie, Segn og soge, som i 2011 er kome med eitt hefte, ei samling artiklar av historikaren Anton Espeland.

Else Marie Kind Hevrøy frå Fjell kulturminnelag har vore formann i Hordaland Sogelag sidan 2006.


Utgåande lenker

  • Hordaland Sogelag si heimeside [1]