Horne krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. mai 2016 kl. 13:14 av Sigrun Espe (samtale | bidrag) (Ny side: Horne krins i Hyllestad kommune inkluderte i 1961 Horne, Ramsgrø, Lien og Høidal. I 1884 vart Høidal overført til Sundbotten kri...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Horne krins i Hyllestad kommune inkluderte i 1961 Horne, Ramsgrø, Lien og Høidal. I 1884 vart Høidal overført til Sundbotten.

I 1890 gjekk borna frå Høidal krins, Horne krins og Sundbotten på skule saman på Vassenden seks veker i tillegg til seks veker skule i eigen krins. Desse tre vart slått saman til Vassenden krins i 1911. Vassenden vart seinare ein del av Øen krins med skulehus på Øen

Skulehus

Vassenden skule

  • Byggeår: 1910
  • Fungerte som skule: 1910-1959
  • Anna bruksområde: Fritidsbustad, i privat eige.

Skuledagen

Skulevegen

Magnar Fleten (f. 1947) budde i Liane i Horne og hadde om lag 5 km å gå til skulehuset på Vassenden. Dei brukte mellom ein halv og ein time på denne turen. Det var ein tung veg å gå. Når det var mykje snø køyrde far til Magnar dei med hest og slede. Men om somrane kunne vi sykle. I tida Magnar gjekk på skule var dei tre born som gjekk ilag. Då skulehuset på Vassenden vart lagt ned vart vi flytta til Øen skule. Då vart vi og borna frå Høidal henta med drosje frå vegen og hadde berre ein kilometer å gå.

Lærarar

Torleif Hauken frå Høydal starta på skulen i 1954 og hugsar godt lærarane, sjølv om det var ein ny lærar kvart år. Han hugsar Audun Glamnes, Magne Hatlem, Signy Sørebø, Maren Indrebø Hovland og Arvid Skogly. Arvid var sonen til læraren ved Øen skule og var berre 17 år då han starta som lærar ved Vassende skule. Før han fylte 18 år og kunne køyre bil, sykla han kvar dag frå skulehuset på Øen der han budde med foreldra sine. Det var om lag 4 km kvar veg.

Etternamn Fornamn Føydd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Informant: Torleif Hauken
  • Informant: Magnar Fleten