Husfest er eit nedlagt småbruk, som ligg isolert til på Ertvågsøya i Aure kommune. Bruket inneheld våningshus, sjøhus. naust, vedskjul, stabbur, grisehus og fjøs. Det er ikkje veg fram til bruket, det vanlegaste er å ta seg fram dit med båt.

Den fyrste og den siste brukaren på Husfest

Frå starten var Husfest ein del av garden Ånes. Den fyrste brukaren vi har kjeldemateriale om, er ein John, som seinare tok etternamnet Husfest. Han busette seg her i 1645.

Den siste brukaren var Ane (eller Anne) Husfest (f. 1911). Ho budde åleine på Husfest etter at foreldra hennar døydde i 1961. I 1992 flytta Anne til Ruøya, og gardsdrifta vart avvikla. På grunn av sjukdom måtte Ane til slutta flytta inn til Aure sentrum. Ho døydde på Aure sjukeheim i 1999.

Kjelder

  • Oterhals, Leo (1989): Inn fra havet Molde: P. R. Consult
  • Ruøy, Johannes (2009): Om bruket Husfest, og om siste brukaren: Anne. I: Årbok 2009. Aure historielag