Imarsundbrua

Imarsundbrua går over Imarsundet mellom Stabblandet og Jørnøya i Aure kommune. Ho er ei stålkassebru med fem spenn. Det lengste spennet er på 120 meter, og heile lengda er 550 meter. Brua vart opna 15. januar 2007.

Imarsundbrua.
Foto: Olve Utne (2008).

Med åpninga av brua hadde ein fergefri veg frå Tømmervåg til Aure og derifrå vidare til Kyrksæterøra og Trondheim. Saman med Litlsundbrua erstatta Imarsundbrua fergesambandet Aukan - Vinsternes, ei femten minutter lang fergetur. Brua er ein del av fylkesveg 680.

Kjelder

Koordinater: 63.22737° N 8.23706° Ø