Innvik krins

Innvik var ein skulekrins fram til 1861, men vart så delt i to krinsar, Langved og Lyslo. Allereie i 1834 kom det første skulehuset på Klokkargarden. Det vart først bygd skulehus ved sjøen på Presetagarden si tomt ved det som no heiter Sydneskrysset. Dette stod ferdig i 1846. I 1863 vart det bygd skulehus både i Langved krins og i Lyslo krins. Etter at krinsane vart slegne saman igjen kom eit nytt, felles skulehus på Labakken i 1896. Etter krigen var det igjen behov for nytt skulebygg, og dette stod klart i 1957. I 1986 kom eit nytt tilbygg til skulen.

Klokkarbakken

  • Byggeår:
  • Fungerte som skule: 1834-1846
  • Anna bruksområde: Dette gamle huset på Klokkkarbakken vart kjøpt av prest Cammermeyer og kapellanane og gitt til bygda for å fungere som skulehus.

Gamle Innvik skule

  • Byggeår: 1845/46
  • Fungerte som skule: 1845-1863
  • Anna bruksområde: Lærar og kyrkjesongar Mons Sydnes tok i bruk huset som bustadhus. Han kjøpte huset i 1870, og det var i familien si eige fram til 1986 då det vart flytta til Nordfjord folkemuseumSandane.

Langved skule

  • Byggeår: 1863
  • Fungerte som skule: 1863-1896
  • Anna bruksområde:

Lyslo skule

  • Byggeår: 1863
  • Fungerte som skule: 1863-1896
  • Anna bruksområde:

Innvik skule

  • Byggeår: 1957
  • Fungerte som skule: 1957-
  • Anna bruksområde:

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Kåre Nygård (red) (2006) Skulehistorie for Innvik og Stryn kommunar 1739-2000