Johan Storm (1712–1776): Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
m (JhsBot flyttet siden Johan Storm (1712-1776) til Johan Storm (1712–1776): Robot: Flyttet side)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''Johan Storm''' (fødd 1712, død 1776) var prest i Vågå.
'''Johan Storm''' (fødd 1712 i [[Christiania]], død 1776 i [[Vågå kommune|Vågå]]) var prest i [[Vågå prestegjeld]]  frå 1745 til sin død.
 
== Slekt og familie ==
Han var son av smeden [[Mikkel Kjelsen (Storm)|Mikkel Kjelsen]] og [[Sofia Elisabet Henriksdotter Storm]], og tok altså familienamnet til mora.
 
Han var fyrst gift i 1741 med [[Magdalena Stub (1720–1746)|Magdalena Stub]] (1720–1746). Ekteskapet var noko av ein skandale, for den fyrste dottera vart fødd fleire månader før bryllaupet. Dei fekk to born til, men Magdalena døydde kring to månader etter at den tredje var fødd.
 
I 1748 gifta han seg for andre gong med [[Ingeborg Birgitte Edvardsdotter Røring]] frå [[Gjerdrum kommune|Gjerdrum]], dotter av sorenskrivar [[Edvard Røring (sorenskriver)|Edvard Røring]] og [[Gisken Leth]]. Óg i dette ekteskapet vart det tre born. Ingeborg døydde i 1760.
 
Det tredje ekteskapet gjekk han inn i i 1761, og det var med [[Johanne Magdalena Haurids]], dotter til sorenskrivaren i Vågå.
 
== Liv og verke ==
Han vaks opp som handverkarson på [[Sagene (strøk)|Sagene]], som den gong låg i [[Aker herred|Aker herad]]. Ein prest la merke til han, og kosta på han skule og presteutdanning.
 
Han byrja karriera som prest som huskapellan i [[Lom prestegjeld|Lom]]. Prestekona der var ei syster til Magdalena Stub. Kring 1745 ville sokneprest [[Herman Treschow (1705–1774)|Herman Treschow]] i Vågå ha eit kall med mindre reising - han måtte dra heilt til [[Sel kyrkje|Sel]] og [[Heidal kyrkje|Heidal]] for å halde gudsteneste i annekskyrkjene. Det vart då til at han bytte embete med Storm.
 
Ifølgje ein lokal tradisjon var han så fattig då ham kom til Vågå at han måtte låne ei bukse frå ein av bøndene den fyrste søndagen.<ref>Teigum 2004: 286.</ref> Men han dreiv [[Vågå prestegard|prestegarden]] godt, og saman med [[Tiende|tienda]] og eigedomar under [[prestebordet]] gav det han etter kvart ein god inntekt. På auksjonen etter at han døydde vart det solgt to bøker av [[Peder Claussøn Friis]]: Oversertjinga av [[Snorre Sturlason|Snorre]] og ''[[Norriges Beskriffuelse]]'' frå 1633.
 
Frå 1749 til 1774 førte han systematiske notat over utsæd og avling av [[bygg]] og [[rug]] i Vågå - noko som seinare vart ei viktig kjelde for lokalhistorikarar.
 
Sonen [[Edvard Storm (1749–1794)|Edvard Storm]] lot reise eit gravminne med latinsk innskrift over Johan Storm på kyrkjegarden i Vågå.
 
== Referansar ==
<references />
 
== Litteratur og kjelder ==
 
* ''Ivar Kleiven : 1854-1934 : minneskrift i høve 150-årsjubiléet 10. og 11. juli 2004''. Utg. [s.n.]. 2004. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2011080306030}}.
* ''Prest og prestegard''. Utg. Maihaugen, De sandvigske samlinger. 1999. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2014042407041}}.
* Skrede, Anders: ''Vågåkyrkja og Vågåkyrkjegarden''. Utg. [Laget]. 1964. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2016091408064}}.
* Teigum, Ivar: ''Bygdebok for Vågå og Sel''. Utg. Sel kommune. Otta. 2004. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2011092608008}}.


{{Spire}}
{{Spire}}