Johan Storm (1712–1776)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Johan Storm (1712-1776)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Johan Storm (fødd 1712 i Christiania, død 1776 i Vågå) var prest i Vågå prestegjeld frå 1745 til sin død.

Slekt og familie

Han var son av smeden Mikkel Kjelsen og Sofia Elisabet Henriksdotter Storm, og tok altså familienamnet til mora.

Han var fyrst gift i 1741 med Magdalena Stub (1720–1746). Ekteskapet var noko av ein skandale, for den fyrste dottera vart fødd fleire månader før bryllaupet. Dei fekk to born til, men Magdalena døydde kring to månader etter at den tredje var fødd.

I 1748 gifta han seg for andre gong med Ingeborg Birgitte Edvardsdotter Røring frå Gjerdrum, dotter av sorenskrivar Edvard Røring og Gisken Leth. Óg i dette ekteskapet vart det tre born. Ingeborg døydde i 1760.

Det tredje ekteskapet gjekk han inn i i 1761, og det var med Johanne Magdalena Haurids, dotter til sorenskrivaren i Vågå.

Liv og virke

Han vaks opp som handverkarson på Sagene, som den gong låg i Aker herad. Ein prest la merke til han, og kosta på han skule og presteutdanning.

Han byrja karriera som prest som huskapellan i Lom. Prestekona der var ei syster til Magdalena Stub. Kring 1745 ville sokneprest Herman Treschow i Vågå ha eit kall med mindre reising - han måtte dra heilt til Sel og Heidal for å halde gudsteneste i annekskyrkjene. Det vart då til at han bytte embete med Storm.

Ifølgje ein lokal tradisjon var han så fattig då ham kom til Vågå at han måtte låne ei bukse frå ein av bøndene den fyrste søndagen.[1] Men han dreiv prestegarden godt, og saman med tienda og eigedomar under prestebordet gav det han etter kvart ein god inntekt. På auksjonen etter at han døydde vart det solgt to bøker av Peder Claussøn Friis: Oversertjinga av Snorre og Norriges Beskriffuelse frå 1633.

Frå 1749 til 1774 førte han systematiske notat over utsæd og avling av bygg og rug i Vågå - noko som seinare vart ei viktig kjelde for lokalhistorikarar.

Sonen Edvard Storm lot reise eit gravminne med latinsk innskrift over Johan Storm på kyrkjegarden i Vågå.

Referansar

  1. Teigum 2004: 286.

Litteratur og kjelder