Just Henrik Ely

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. feb. 2014 kl. 20:53 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Mellomlagring)
Hopp til navigering Hopp til søk

Just Henrik Ely (fødd i Stavanger 30. november 1759, død i Kristiansand 30. mars 1824) var offiser og eidsvollsmann.

Foreldra var Ernst David Ely (1731-1809) og Guria (hjå Ovenstad: Guna) Pedersdotter Megeland (1742-?). Faren var offiser, og på det tidspunktet Just Henrik var fødd, var han løytnant ved Skånevikske kompani i Sunnhordland. Seinare vart faren tollinspektør i Tønsberg.

Just Henrik Ely gifta seg i Vanse (i nåverande Farsund kommune) med Caroline Nikolaia Lund (fødd i Farsund 5. mars 1773, død i Kristiansand 27. april 1844). Ho var dotter til «Farsunds grunnleggjar» kjøpmann og skipsreiar Jochum Brinch Lund og Inger Marichen Lund. Bryllaupet stod den 30. desember 1791, same året som Ely fekk teneste i Listerske kompani der i distriktet. Ekteparet budde truleg i Farsund frå fyrst av, og enno ved folketeljingstidspunktet 1801. Rett etter flytta dei sannsynlegvis til Ryfylke/Stavanger, slik den militære karrieren (nedanfor) indikerer. Systera hans budde hjå dei i Farsund, men ingen born er nemnde i folketeljinga. Dei har sju tenestefolk i hushaldet.


http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058344002971