Just Henrik Ely

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Just Henrik Ely (fødd i Stavanger 30. november 1759, død i Kristiansand 30. mars 1824) var offiser og eidsvollsmann.

Foreldra var Ernst David Ely (1731-1809) og Guria (hjå Ovenstad: Guna) Pedersdotter Megeland (1742-?). Faren var offiser, og på det tidspunktet Just Henrik var fødd, var han løytnant ved Skånevikske kompani i Sunnhordland. Seinare vart faren tollinspektør i Tønsberg.

Just Henrik Ely gifta seg i Vanse (i nåverande Farsund kommune) med Caroline Nicoline (Nikolaia?) Lund (fødd i Farsund 5. mars 1773, død i Kristiansand 27. april 1844). Ho var dotter til «Farsunds grunnleggjar» kjøpmann og skipsreiar Jochum Brinch Lund og Inger Marichen Lund. Med dette ekteskapet kom Ely inn i eit kjøpmannsdynasti som dominerte på staden i den grad at Farsund på denne tida er blitt kalla «Lundenes by», med sentrum i den formidable patrisarbustaden Husan. Caroline Nicolines bror Gabriel Lund var i likskap med svogeren Ely eidsvollsmann.

Bryllaupet mellom Ely og Caroline Nicoline Lund stod den 30. desember 1791, same året som Ely fekk teneste i Listerske kompani der i distriktet. Ekteparet budde truleg i Farsund frå fyrst av, og flytta i 1797 inn i ein av Jochum Brinch Lunds mange standsmessige hus i byen, i Kirkegaten. Ely budde i Farsund enno ved folketeljingstidspunktet 1801, men rett etter flytta dei sannsynlegvis til Ryfylke eller Stavanger, slik den militære karrieren (nedanfor) indikerer. Ingen born er nemnde i folketeljinga, og dei fekk heller ingen seinare. Ei syster av Ely hans budde hjå dei i 1801. Dei hadde sju tenestefolk i hushaldet.

I Farsund var Ely aktiv i opprettinga av og i styret for fattigskulen frå 1795.

Just Henrik Ely kom i teneste i hæren som 12-13-åring, ved regimentet som farens kompani tilhøyrde. Avansementet var som følgjer:

  • 1772: Korporal ved 2. Vesterlenske nasjonale infanteriregiment.
  • 1774: Sersjant ved same regiment.
  • 1782: Sekondløytnant a la suite (i påvente av stilling)
  • 1784: Verkeleg sekondløytnant ved regimentets 3. Ryfylkske kompani.
  • 1786: Premierløytnant ved 2. Stavangerske kompani.
  • 1788: Same grad ved 3. Stavangerske kompani.
  • 1791: Same grad ved 3. Listerske kompani
  • 1796: Same grad ved 1. Listerske kompani.
  • 1800: Karakterisert kaptein
  • 1801: Kaptein og sjef for 2. Ryfylkske kompani.
  • 1802: Sjef for 1. Stavangerske kompani.
  • 1811: Major 1811
  • 1814: Major og sjef for jegerkompaniet i Vesterlenske regiment.
  • 1818: Stilt på vartpengar ved hærreduksjonen det året.

Ely vart vald som representant for Vesterlenske infanteriregiment ved Riksforsamlinga i 1814. I følgje Halvdan Koht gjorde han så lite av seg at vi ikkje ein gong veit kva parti han tilhøyrde der. Det finst likevel ein indikasjon på at han røysta med Sjølvstendepartiet, da han røysta for Falsens og Holcks forslag til formulering av fyrste grunnsetning for grunnlova, om regentens tittel.[1]

Referansar

  1. Fure, E. 1989:54-55.

Kjelder og litteratur

  • Just Henrik Ely i folketelling 1801 for Vanse prestegjeld fra Digitalarkivet
  • Abrahamsen, Olav Arild: Farsund bys historie bd. I. En by blir til. Fra stedets oppkomst til 1850. Farsund kommune 1997.
  • Fure, Eli: Eidsvoll 1814. Hvordan grunnloven ble til. Dreyer 1989.
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Ely i Norsk biografisk leksikon 1926.
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bd I. Oslo 1948.
  • Schnitler, Carl W.: «Officerene» i Halvdan Kohts og Carl W.Schnitlers kapittel om eidsvollsmennene i Eidsvold 1814. Kristiania 1914.
  • Just Henrik Ely på Eidsvollsmennenes etterkommere

Eksterne lenkjer