Kåsabakken
Kåsabakken i Bø i Telemark går sørover frå Livegen ved Bø camping.
Vegen fekk namn i 1996 etter garden Kåsa, som er nr. 22 og 24 i vegen. Dette var tidlegare ein husmannsplass under Framistugu Eika, og blei da kalla Hestekåsa.
Innleggen er eit anna småbruk i Kåsabakken og har nr. 18 og 20. Dette var også husmannsplass under Framistugu Eika.
Forutan desse to småbruka består busetnaden av seks einebustader pr. 2018.
Kilder
- Kartverket, norgeskart.no
- Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band IV. Bø kommune 1986.