Klevarsida (veg i Sauherad): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
m (Rool flyttet siden Klevarsida til Klevarsida (veg i Sauherad): Tydeliggjøring)
(Ingen forskjell)

Sideversjonen fra 6. jun. 2021 kl. 14:41

Klevarsida med nr. 239, Hem, nigard (gnr. 142/4).
Foto: Roy Olsen (2019).

Klevarsida i Sauherad i Midt-Telemark kommune er ein veg som går nordover frå Sauheradvegen ved Nautesund bru til Notodden kommunegrense der han går over i Søndre Vestsidaveg.

Vegen er ein del av Fv 555 og er 6 820 m lang. I 1999 fekk vegen namnet Klevarvegen, men fordi vegen nordover frå Sauheradvegen gjennom Klevargardane måtte namnsettast, og burde hete Klevarvegen, blei det foreslått å endre namnet til Gvannesvegen. Det førte til protester.

Beboere på Klevarsida likte ikke at kommunen ønsket å kalle veistrekningen gjennom bygda Gvannesvegen. De gjorde da kommunen oppmerksom på at det kun er et lite område på veistrekningen som heter Gvannes, og at vegen kun burde hete Klevarsida. Klagen ble tatt til følge.
– Telen 16. april 2009

Vegnamnet Klevarsida blei vedtatt i 2009.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Telen: Artikkelen Vegnavnestrid mot en løsning, 16. april 2009.
  • Sauherad kommune: Gateadresser i Sauherad - navnsetting, Utvalg for næring, plan og teknikk 14.april 2008.


Koordinater: 59.45642° N 9.30199° Ø