Kn. T. Vågslids Landhandel

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. mai 2017 kl. 11:59 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|No-nb digibok 2013111808064 0936 2.jpg|Knut T. Vågslids Landhandel.|Johs. Sætherskar, ''Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon'', Bergen, 1949.}} '''Kn. T. Vågsl...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut T. Vågslids Landhandel.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Kn. T. Vågslids Landhandel vart starta som handelslag allereie i 1914, men då hadde forretninga namnet Handelslaget Edland. Knut T. Vågslid kjøpte og overtok forretninga 6. juli 1935. Den vart drive som lutlag under firmanamnet L/L Vågslid.

I 1936 vart forretninga utvida. Det vart bygd på for å kunne drive kaffestove og herberge i tillegg til landhandel. I 1939 vart lutlaget overteke av Knut T. Vågslid som dreiv forretninga vidare under firmanamnet Kn. T. Vågslids Ass. Landhandel.

Eit mindre bakeri som høyrde til forretninga frå før overtakinga vart ombygd og utvida i 1946.

Landhandelen låg langs hovudvegen Dalen-Odda.

Kjelder

  • Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.