Knut Hoff (1912–1994)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. nov. 2019 kl. 10:54 av Niillas4 (samtale | bidrag) (Ny side: Knut Hoff (1912-1994)<ref>http://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?mode=fy</ref> var lærar, fylkesskulesjef og lokalhistorikar. Han vart fødd i Veggli i Rollag kommune og foreldra han…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Knut Hoff (1912-1994)[1] var lærar, fylkesskulesjef og lokalhistorikar. Han vart fødd i Veggli i Rollag kommune og foreldra hanns var Kirsti Olsdotter Tveiten (1882-1938) og bonde, likningssekretær og trygdekasserar Ulrik Knutsson Hoff (1886-1963).[2][3] Knut Hoff tok eksamen ved Notodden lærarskule i 1935[4] og examen artium 1943[5]. Han vart rektor ved Numedal folkehøgskule i 1951.[6] Han var fylkesskulesjef i Buskerud fram til han gjekk av med pensjon.[7] Knut Hoff var aktiv lokalpolitikar og vart innvald i heradstyret i Rollag i 1945. Norske skulefolk bd. 1, s.607. Han var ordførar i Rollag 1964-1965. Etter at han vart pensjonist arbeidde han med eit bygdeboksverk for Rollag kommune Aftenposten 16.6.1987. Han gjorde ferdig fire av fem band av dette verket før helsa svikta og han måtte gje opp dette arbeidet.[8]Det siste bandet vart skrive av Even Tråen. [9] Knut Hoff fekk Kongens fortenstmedalje i gull i 1980. [10]

  1. http://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?mode=fy
  2. https://media.digitalarkivet.no/view/5567/28
  3. Hoff, Knut (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og grad og grend., bd. 2, s. 150
  4. Norske skulefolk bd. 1, s. 607. Stavanger: Dreyer, 1952
  5. Studentene fra 1943, s.265 . Oslo 1968
  6. Hoff, Knut: Numedal folkehøgskole 75 år. Vegen frå amtsskole til folkehøgskole, s. 61. Rollag 1981
  7. Aftenposten 16.6.1987
  8. Hoff, Knut (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend., bd. 4, s. 7
  9. Tråen, Even (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend., bd. 5
  10. https://www.kongehuset.no/tildelinger.html?tid=28028&sek=27995&person=&q=&aarstall=&type=27125&start=1600