Knut Hoff (1912–1994)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Hoff.
Foto: Henta frå Hoff (1981): Numedal folkehøgskole 75 år.

Knut Hoff (fødd 16. juni 1912, død 15. april 1994)[1] var lærar, rektor, fylkesskolesjef, ordførar og lokalhistorikar.

Han vart fødd i Veggli i Rollag kommune, og foreldra hans var Kirsti Olsdotter Tveiten (1882–1938) og bonde, likningssekretær og trygdekasserar Ulrik Knutsson Hoff (1886–1963).[2][3]

Knut Hoff tok eksamen ved Notodden lærarskole i 1935[4] og examen artium 1943[5].

Han vart rektor ved Numedal folkehøgskole i 1951.[6] Han var fylkesskolesjef i Buskerud fram til han gjekk av med pensjon.[7]

Knut Hoff var aktiv lokalpolitikar og vart innvald i heradstyret i Rollag i 1945.[4] Han var ordførar i Rollag 1964–1965.[8]

Knut Hoff skreiv fleire lokalhistoriske arbeid. I 1981 gav han ut 75-årssoga til Numedal folkehøgskole Numedal folkehøgskole 75 år. Vegen frå amtsskole til folkehøgskole.

Etter at han vart pensjonist, arbeidde han med eit bygdeboksverk for Rollag kommune.[7] Han gjorde ferdig fire av fem band av dette verket før helsa svikta og han måtte gje opp arbeidet.[9] Det siste bandet vart skrive av Even Tråen.[10]

Knut Hoff fekk Kongens fortenstmedalje i gull i 1980.[11]

Referansar

  1. Knut Hoff i Døde 1951 - 2014 fra Digitalarkivet
  2. https://media.digitalarkivet.no/view/5567/28
  3. Hoff, Knut (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og grad og grend., bd. 2, s. 150
  4. 4,0 4,1 Norske skulefolk bd. 1, s. 607. Stavanger: Dreyer, 1952
  5. Studentene fra 1943, s.265 . Oslo 1968
  6. Hoff, Knut: Numedal folkehøgskole 75 år. Vegen frå amtsskole til folkehøgskole, s. 61. Rollag 1981
  7. 7,0 7,1 Aftenposten 16.6.1987
  8. Norske skolefolk, b.1, Dreyers forlag, 1966, s. 724
  9. Hoff, Knut (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend., bd. 4, s. 7
  10. Tråen, Even (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend., bd. 5
  11. https://www.kongehuset.no/tildelinger.html?tid=28028&sek=27995&person=&q=&aarstall=&type=27125&start=1600

Litteratur og kilder