Kreken krins (Jostedalen)

Sideversjon per 18. jan. 2012 kl. 19:59 av Oddloho (samtale | bidrag) (→‎Skulehus i 1885: innvigd av Frich)

Kreken skule er ein nedlagd skule og skulekrins i Jostedalen i Luster kommune. Krinsen vart skipa midt på 1800-talet då dei to tidlegare skulekrinsane i Jostedalen vart delte i fem. Krinsen femnde opphavleg om alle gardane i Krekagrendi på austsida av Jostedøla, dessutan alle heimar under gardane Jostedal prestegard, Bakken og Bruheim. Krinsen grensa i nord mot Krundalen krins og i sør mot Sperle krins.

Endring av krinsgrensa

Krinsgrensa mot Sperla vart endra i 1915 då vegen gjennom Gardsgjelet og brua over Jostedøla ved Bruheim stod ferdig. Då vart Bruheim, Nes og hovudbruket på Jostedal prestegard lagd til Sperle krins. Jostedal prestegard (hovudbruket) og bruket Stegen nekta å følgje dette vedtaket, og i 1937 vedtok skulestyret at dei skulle førast attende til Kreken krins.

Skulehus i 1885

Kreken var den andre krinsen i Jostedalen som fekk skulehus etter at det kom krav om dette i skulelova av 1860. Skulehuset stod ferdig i 1885 på Bjørk, som låg midt i krinsen. Skulebygningen var ei gamal stove frå Bergset, truleg bygd i 1838, som vart flytt og ombygd til skulehus. Det vart innvigd 9. januar 1886 av sokneprest Wollert Johan Lyder Frich.

Skulehuset på Bjørk vart den fyrste tida òg mykje nytta til møtelokale for formannskap, kommunestyre og lag og foreiningar, så huset fungerte òg som kommunehus fram til 1907 då kommunen skaffa seg eit eige kommunehus. Tidleg i 1920-åra vart det arbeidd opp ein liten innhegna leikeplass ved skulestova. Dette var den einaste offentlege leikeplassen i Jostedalen fram til den nye Krundalen skule stod ferdig i 1958.

Plan om nytt skulehus - nedlegging

Skulehuset vart raskt for lite, og i 1906 var det på tale å utvide det. Frå 1933 vart skulen tredelt, noko som etter elevtalet skulle ha skjedd mykje før. På denne tida vart "Nyestova" på Vamberg teken i bruk som skulestove for småskulen. Arbeidet med å få bygt eit nytt skulehus vart teke opp i 1937, men avbrote av krigsåra. Etter 1945 vart det ei viss tevling med Krundalen om kva krins som skulle få nytt skulebygg fyrst, og kommunestyret vedtok å byggje dei parallelt. Men i motsetnad til i Krundalen vart det mykje strid om plassering av den nye skulen i Kreken, og arbeidet vart òg hindra av sentraliseringsplanar for dei tre nedste skulekrinsane i bygda (Myklemyr og Sperle attåt Kreken). I 1957 var det gamle skulehuset så dårleg at helserådsordføraren greip inn og stengde det.

Krundalen skule vart lagt ned i 1963 og elevane derifrå overførte til Kreken krins, som då unngjekk å bli todelt på grunn av fallande elevtal. Då hadde alt kommunestyre (desember 1962) etter lang strid vedteke å samle alle dei fem krinsane i Jostedalen i ein ny sentralskule som skulle plasserast på Bjørk, eit par hundre meter nord for gamleskulen. Den nye Jostedal skule stod så ferdig i 1968.

Det gamle skulehuset vart rive kring 2005.

Arkiv

Litteratur

  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune, s. 316-320 og 340-342.