Kristen Stalleland: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Kristen Stalleland''' (fødd 6. februar 1861 i Landvik i nåverande Grimstad kommune, død same stad 1949) var forfattar, redaktør og utgjevar, lærar og bonde. Han er me...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''[[Kristen Stalleland]]''' (fødd 6. februar 1861 i [[Landvik]] i nåverande [[Grimstad kommune]], død same stad 1949) var forfattar, redaktør og utgjevar, lærar og bonde. Han er mest kjend som grunnleggjaren av [[Norsk Barneblad]] i 1887. Målsaka stod fremst hjå han i hans engasjement i samfunn og kultur. Han blir tillagd ein del av æra for at [[jamstellingsvedtaket]] frå 1885, dvs. stortingsvedtaket om at landsmålet skulle sidestillast med «det almindelige Skrift- og Bogsprog».
'''[[Kristen Stalleland]]''' (fødd 6. februar 1861 i [[Landvik]] i nåverande [[Grimstad kommune]], død same stad 1949) var forfattar, redaktør og utgjevar, lærar og bonde. Han er mest kjend som grunnleggjaren av [[Norsk Barneblad]] i 1887. Målsaka stod fremst hjå han i hans engasjement i samfunn og kultur. Han blir tillagd ein del av æra for at [[jamstellingsvedtaket]] frå 1885, dvs. stortingsvedtaket om at landsmålet skulle sidestillast med «det almindelige Skrift- og Bogsprog».
== Bakgrunn og familie ==
Kristen var eldst i ein syskenflokk på sju som vaks opp. Foreldra var Terje Terjeson Stalleland (1833-1908) og Åse Helene Persdotter fødd Igland (1840-1892). Dei to dreiv garden Stalleland i Øvre Landvik. Faren var aktiv på mange felt, og var mellom anna ordførar i bygda. Både faren og mora var sterkt engasjert i kristeleg arbeid. I 1877/1878 stod dei sentralt i skipinga av ei misjonsforeining som dei fyrste åra hadde fast møtestad på Stalleland. Morbror til Kristen var stortingsmann [[Nils Igland]].
Kristen Stalleland gifta seg med Maren Tomine Hyrte i 1886. Ho var fødd på garden Hyrte i Landvik i 1862 og døydde på Stalleland allereie i 1891. Foreldra hennar var gardbrukarparet Salve Gjeruldson Hyrte (fødd 1833) og Aase Persdotter fødd Igland (1836-1899).
Kristen og Maren Tomine fekk to døtrer.  Aasa vart fødd i 1887, men døydde i ei ulykke som treåring i 1890. Aasa Helene vart fødd i 1889, men også ho døydde ung, i 1905.

Sideversjonen fra 9. jun. 2016 kl. 19:39

Kristen Stalleland (fødd 6. februar 1861 i Landvik i nåverande Grimstad kommune, død same stad 1949) var forfattar, redaktør og utgjevar, lærar og bonde. Han er mest kjend som grunnleggjaren av Norsk Barneblad i 1887. Målsaka stod fremst hjå han i hans engasjement i samfunn og kultur. Han blir tillagd ein del av æra for at jamstellingsvedtaket frå 1885, dvs. stortingsvedtaket om at landsmålet skulle sidestillast med «det almindelige Skrift- og Bogsprog».

Bakgrunn og familie

Kristen var eldst i ein syskenflokk på sju som vaks opp. Foreldra var Terje Terjeson Stalleland (1833-1908) og Åse Helene Persdotter fødd Igland (1840-1892). Dei to dreiv garden Stalleland i Øvre Landvik. Faren var aktiv på mange felt, og var mellom anna ordførar i bygda. Både faren og mora var sterkt engasjert i kristeleg arbeid. I 1877/1878 stod dei sentralt i skipinga av ei misjonsforeining som dei fyrste åra hadde fast møtestad på Stalleland. Morbror til Kristen var stortingsmann Nils Igland.

Kristen Stalleland gifta seg med Maren Tomine Hyrte i 1886. Ho var fødd på garden Hyrte i Landvik i 1862 og døydde på Stalleland allereie i 1891. Foreldra hennar var gardbrukarparet Salve Gjeruldson Hyrte (fødd 1833) og Aase Persdotter fødd Igland (1836-1899). Kristen og Maren Tomine fekk to døtrer. Aasa vart fødd i 1887, men døydde i ei ulykke som treåring i 1890. Aasa Helene vart fødd i 1889, men også ho døydde ung, i 1905.