Kristen Stalleland: Forskjell mellom sideversjoner

Mellomlagring
Ingen redigeringsforklaring
(Mellomlagring)
Linje 23: Linje 23:


Som 75-åring i 1936 vart Stalleland utnemnd til den fyrste heidersmedlemmen i den nynorske presseorganisasjonen [[Norsk Bladmannslag]].<ref>Hardeberg 212</ref>
Som 75-åring i 1936 vart Stalleland utnemnd til den fyrste heidersmedlemmen i den nynorske presseorganisasjonen [[Norsk Bladmannslag]].<ref>Hardeberg 212</ref>
== Forfattar ==
Kristen Stalleland gav ut ei lang rad bøker i tidsrommet 1885-1935. Det var mest barnebøker, originale og i omsetjing frå tysk og engelsk. Ein del av hans eige stoff var slikt som tidlegare var publisert i barnebladet. Mange av Stallelands forteljingar vart brukte i lesebøker for folkeskulen ([[Andreas Austlid|Austlids]] og nynorskutgåva av [[Nordahl Rolfsen]]s).
I tillegg til barnelitteraturen gav Stalleland ut m.a. ein biografi om [[Kristian Lofthus]] (1935), nokre agitatoriske skrifter for landsmålet, lokalhistorie om skulen og kyrkja i Landvik med meir.
== Bonde ==
I jubileumsboka for studentane i 1881 (1906) skriv Stalleland:
:«…den grunntanken, som hev bore alt mitt ringe arbeid, hev fraa fyrste stundi vore: Reising av norske bønder – sjølv bonde.»
Han var sjølv bonde frå 1900, da han overtok farsgarden, og til i 1930-åra, da han overlet garden til brorsonen Torjus Stalleland. Kombinasjonen skrivearbeid og gardsdrift gjekk kanskje utover båe delar. Stallelands hovudinteresse var nok det idealistiske arbeidet som ytra seg i presseverksemda, bokutgjevinga og organisasjonsarbeidet for målsaka og andre ideelle føremål.  Men han gjer sjølv bondebakgrunnen til ein ideologisk motivasjon for også sitt ideelle arbeid:
:«…drykk og storkarsgjerd hev sett bonden til atters. Kapitalist og skogspekulant – ja, endaa til utlendingar – nøyter armodi hans og slær under seg gardarne, snøyder skogen og øyder bygderne for folk. Det vert armod for heile landet. Mot dette trengst bondereising. Avhaldssaki m.m. er vaagi og vaagmaten, maalsaki sjølve reisingi, det trottuge arbeidet i skog og mark det vaapen som vinn sigr og ber landet vaart til trivd og trygd.»


== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
Veiledere, Administratorer
9 032

redigeringer