Kvæfjord historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Kvæfjord Historielags 1. prioritet i stiftelsesåret: Årboka
Foto: Arne-Johan Johansen

Kvæfjord Historielag ble stiftet 30. oktober 1986. Som sitt primære satsingsmål satte man opp det å få gitt ut ei årbok.

RÅTEKST

KVÆFJORD HISTORIELAG 1987-2019 Dette oversynet er laga i samband med at Landslaget for lokalhistorie ønsker å kartlegge historielaga si historie. Oversynet er utarbeidd av Magne Leon Heide, og det er basert på årsmeldingar, årbøker, kalendrar og anna dokumentasjon for desse åra.

Del 1: Organisasjon 1. Lagets namn: Kvæfjord historielag 2. Eventuelle tidligare namn: Namnet har ikkje vore endra sia stiftinga. 3. Stifting: Kvæfjord historielag blei stifta 30. oktober 1986. 4. Lagets leiarar: 1986-2002: Arne-Johan Johansen(16 år) 2002-2018: Magne Leon Heide (16 år) 2018-2020: styret har vore fulltalig, men ingen leiar har vore valt; Mari Wikeland har vore sekretær og tatt seg av den utetterretta verksemda. 5. Andre viktige personar Laget har utnemnd følgjande æresmedlemmar: Jermund Johansen, Torleif Berg (d.), John Fagerli (d.), Gerd Salen, Arne Johansen

6. Formålsparagraf/målsetting:


7. Eventuelle tidlegare formålsparagrafar:


8. Medlemstal: 2018: 115 medlemmar

9. Utviklinga av medlemstalet: 2016: 130 medlemmar; 2010: 92; 2005: 90

10. Annan informasjon: Kvæfjord historielag har vore i jamt arbeid alle år sia skipinga i 1986. Det har ikkje vore gjort nemneverdig endringar i organisasjonen i desse åra.

Del 2: Lags-arbeid 11. Hovudaktivitet i laget: - Årbok for Kvæfjord: Årboka har vore gitt ut sia 1987, årgang 33 kom i 2019. Redaktørar har vore Arne-Johan Johansen og Gerd Salen. Årbøkene har stort sett hatt 64 sider i A4-format, eit par år har det vore færre sider, men fleire år har det vore fleire sider. Til 25 og 30-årsjubilea (2011 og 2016) var årboka på 72 sider, og i 2019 på 76 sider. Årboka har alltid hatt fargesider, og dei siste åra har heile årboka hatt farger. Det er totalt skrive over 2.000 sider i desse årbøkene. Samtidig er det publisert fleire tusen bilde i årbøkene. - Historisk kalender for Kvæfjord: Det har komme årvisse kalendrar sia 2006 (kalenderår 2007), og kalender nr 14 kom i 2019 (Kalenderår 2020). Magne Leon Heide har vore redaktør i alle år, og Geir Hagen har også sete i Kalenderkomiteen (fotogruppe) sia 2006. Elles har ei handfull andre personar vore med i Kalenderkomiteen. Kalenderen har innehalde 23-26 bilde kvart år, omtrent halvparten i stort format (ca. A4), til saman rundt 250 bilde. Det har vore lagt stor vekt på å identifisere personar, stad og årstal. - Krambua. I 2000 kjøpte Kvæfjord historielag ei krambu på Borkenes, som truleg er bygd i 1890-åra på Berg og flytta ned til Borkenes rundt 1905. Krambua hadde ikkje vore i drift sia 1950-talet og stod for forfall. Første prosjekt var å løfte krambua over vegen, sette opp ein ny kjellar og så flytte krambua tilbake. Dette blei gjennomført i 2000-2001. I åra 2004-2008 gjennomførte vi eit omfattande restaureringsarbeid innvendig med ein totalkostnad på kr 302.336,43. Vi fekk kr 75.000 i tilskott frå Norsk Kulturfond, berekna dugnadsinnsats var kr 81.000, og eigne utgifter var kr 146.336,43. Det var offisiell opning av Krambua 25. oktober 2018. Krambua har vore open i mai-juni med elevar frå Borkenes og Vik skolar, "Tingene forteller" og i desember i samband med sal av årbøker og kalendrar. - Møteverksemd og historiske turar har også vore ein viktig aktivitet, sjå punkt 14.

12. Publikasjonar som laget har gitt ut I tillegg til Årbok for Kvæfjord og Historisk kalender for Kvæfjord, ar laget også gitt ut: - 5-6 ulik postkort med eldre og nyare motiv, og kunstmotiv - Hefte: "Nordnorske eldste gårdsbosetting: Arkeologiske utgravinger på Hundstadneset på Kveøya 2008-2009"

13. Digitale ressursar: Heimeside, blogg: 12. mars 2015 etablerte Kvæfjord historielag ein blogg: "Kvæfjord historielag" (http://kvhistlag.blogspot.com). Her har det vore lagt ut førehandsinformasjon om aktivitetar i historielaget, og det har vore korte reportasjar etter arrangementa. Det har som oftast vore koplingar til denne sida i møteinnkallingar som har vore sendt ut på e-post og/eller sms. Bloggen er framleis i drift. 14. Arbeidsoppgåver historikk (viktige arrangement, prosjekt, merkeår):

Kvæfjord historielag har drive ulike typar arbeid:

Kulturhistorisk bevaring: Bevaring av Fagerli-gården og Husby-gården (1987- 1993), gammetuftene på Storjorda (1997); kommunalt museumsarbeid (2000)

Lokalhistoriske bygdemøte, gjerne kombinert med eigne tema: Langvassbukta (1989), Hemmestad brygge (1992, 1996), Storjorda, lokalhistorisk bygdekveld i Vik (2004), Lokalhistorisk bygdekveld på Bremnes (2005)

Fotomøte: Borkenes (2007), Flesnes (2008), Vik (2009), Melåbukta (2010), Kveøya (2011), Bremnes (2012), Elda (2013), Borkenes (2014), Borkenes (2015), Langvassbukta (2017), Borkenes (2019)

Historisk vandringar og turar i kommunen: Hemmestad grendehus (møte, 1988), Toppen, Borkenes (1989), Gjertrud Raschs fødestad (1990), Bartnæs-setra (1990), deltaking på Kvæfjord-uka (fleire år på 1990- og 2000-talet), Hemmestad brygge (fleire møte frå 1990-talet til no), fornminnetur til Kveøya (1991), kulturstien Skallan-Rå (1992, 1993, 1996), Gapøya (1995), Skallan-gården (1997), Trastad Samlinger (1998), Lyså (1998), Finnseter (1999), samiske bogastiller på Melåaksla (1999), Melåa (2000), Mollvika og Utstrand (2001), Vik og Voktor (2002), Kveøya (2003), Medlemstur til Eidet-Moelva-Gullholmen (2004), Medlemstur / utflukt til Forøya og Forøyseter (2005), Ekskursjon til Kveøya (2007), Den gamle Eidevegen (2010), Historisk vandring frå Inner-Strand til Nord-Strand (2012), Gåra (2014), Mølnbekken / Gåsvatnet (2015), Vikeland og Inner-Gåra (2016), Gammalbutikken på Strand (2017), Blomåsen (2019)

Historieturar til nabokommunar: Gratangen båtsamlinger (1990), viking-gården på Borg (1997), Bjarkøya (1998), Grytøy bygdetun (2008), Ibestad (2009), Inner-Elgsnes (2011), Hausttur til skipsverftshistoria (2013)

Møte og arrangement med ulike tema: Arkeologi (1987), flatbrødbaking på bygdetunet (1987), stadnamnkurs (1987, 1994), "Det gamle Borkenes" (1988), "Nordnorske handelssteder" (1988), folkeviser, haustonner og juletradisjonar (1989), Kvæfjords historie i mellomkrigstida (1990), museumsarbeid (1991), fornminner (1991), torving (1992), sildedag (1992), samisk historie (1993), nordlendingar i litteraturen (1993), slektsgransking (1993, 1998), teigblanding og utskifting (1993), fôrberging anno 1940 (1995), nordlandshandelen (1995), 10-årsjubileums-møte (1996), "Frå brød til frø" (1997), "Hamsun og Nord-Norge" (1999), sjøsamar i Sør-Troms (2001), gårdshaugar (2002), heksebrenning (2002), ”Helse 400år” - arrangement på Hemmestad brygge (2003), ”Ord i Kvæfjord” – medlemsmøte (2004), bygdetunet ved Råsjøen (2005), Gapøya før og under fråflyttinga (2006), Dale Feavlslag (Okseringen) (2007), kystkultur, reiseliv og museum (2008), Kulturminneåret 2009 (2009), Skihistorie (2010), Kulturminnedag (2009), Møte om fotografiapparat (2009), ”Gravminner i Norge” (2010), arkeologisk møte om utgravingane på Hundstadneset (2010), Poteten i historisk lys (2010), “Kultur, samferdsel og reiseliv i Sør-Troms” (2011), 25-års fest (2011), presentasjon av Sortland bygdebok (2011), arbeidet med Kvæfjords historie (2012), Årsmøte i Troms historielag – arrangør (2012), Open krambu: forkleutstilling (2012), museumskveld på Trondenes Historiske Senter (2012), Møte om utvandringa til Amerika (2013), Harstad Oppland Rutebils historie (2014), Markering av grunnlovsjubileet (2014), Utværan i Andfjorden (2015), krigsevakuerte til Kvæfjord (2015), møte om okkupasjonstida (2016), opninga av kunstutstillinga av Petter Fredriksen (1916-1998) sine maleri (2016), 30-års-markering (2017), Samisk historie i Kvæfjord (2017), Kjerkejubileum (2017), Nordnorske sandbåter (2019), Samisk historie i Kvæfjord (2019), Stedsnavnprosjekt (2019).

Ein del av desse tema-innslaga har vore tatt opp på årsmøta.

"Tingene forteller" har vore eit fast innslag i mai-juni på Krambua, sia 2009. Her har elevar frå Borkenes og Vik skolar vist fram det dei hadde funne ut om gamle gjenstandar. Dette har også vore godt omtalt i kvar årbok sia 2009.

Medlemskap i og samarbeid med andre lag og organisasjonar: Laget har sia 1998 vore medlem i Troms historielag og har deltatt på ein del av årsmøta her. I 2012 var laget vertskap for årsmøtet i Troms historielag. VI har også hatt nokre medlemmar som har møtt i styret i Troms historielag. Laget er også medlem i Landslaget for lokalhistorie, og har deltatt på eit par arrangement der. Historielaget har vore representert på møte om kjerkejubileet i Kvæfjord 2017.


Borkenes, 31. januar 2020

Magne Leon Heide, sign.


Lagets første styre

  • Leder: Arne Johan Johansen
  • Nestleder: Gerd Salen Olsen
  • Sekretær: Thora Aronsen
  • Kasserer: Gunn Marslett
  • Styremedlem: Arne J. Elde

Mange jern i ilden

Allerede høsten etter at laget ble stiftet kom lagets første årbok! Styrets beretning forteller at dette var satt opp som første prioritet, og når man lyktes med det, kan det blant annet tilskrives iherdig innsats fra lagets ledelse, uten at man mister av syne støtten på 10000 kroner som kom fra Kvæfjord Sparebank til årboka.

I det følgende listet styret opp disse sakene de ellers arbeidet med i løpet av det første årets drift:

  • Forsøk på å få fornminneregistrering og bygningsvern inn på kommunens årsbudsjett. (Mislyktes)
  • Innsamling av kommunalt / lokalt kildemateriale - i samvirke med kommunens kultursekretær.
  • Forelesning v/arkelolog Olav Sverre Johansen, Tromsø Museum: «Kvæfjords forhistorie - Hva kan arkeologi og fornminnefunn fortelle oss?»
  • Forelesning v/Finn Myrvang, Bø i Vesterålen: Stedsnavnregistrering.
  • Informasjonsmøte om historielagets arbeid i Godfjord - for å knytte til seg kontakter fra bygda.
  • Flatbrødbakst og smørkjerning på bygdetunet under Sommerlekene for psykisk utviklingshemmede.
  • Medlemsmøte på Borkenes Hotell
  • Mange styremøter der forskjellige lokalhistoriske spørsmål ble behandlet.
  • Etablert samarbeid med distriktskonservator Astrid Fremmerlid i Harstad og kultursekretær Sjalg Wigenstad i Kvæfjord.
  • Per lagets første årsmøte hadde laget 44 medlemmer.
Temi Oke la fram denne gruvelykta som "sin ting" i årboka for 2018. Lykta er produsert i Brooklyn ved slutten av 1930-åra, og har vært i bruk på Svalbard. Temi hadde lånt den av en nabo som fortalte om dens historie.

Årboka

Lagets første årbok, Årbok for Kvæfjord, kom ut i 1987 og inneholdt 41 artikler (inkl. årsmelding) fordelt på 18 skribenter. I fortsettelsen har årboksatsinga blitt fulgt opp med satsing på fjerdetrinnet i grunnskolen, ved at elevene får presentert «antikviteter» under tittelen «Tingene forteller» som igjen blir presentert i lagets ega «krambod» i Borkenes sentrum. Dette kommer i tillegg til at enkeltskribenter har laget serier med artikler av typen «Om klær og folk i Kvæfjord».

Kilder

  • Årbok for Kvæfjord 1987
  • Årbok for Kvæfjord 2018

Eksterne lenker

Historielagets nettsider