Kvalfangst med seglfartøy i Nordatlanteren

Sideversjon per 19. jul. 2016 kl. 22:24 av Oddvar Høydalsvik (samtale | bidrag) (Opplasting: «Nevada». Kvalfangst med seglfartøy i Nordatlanteren)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Nebbkval-/bottlenosefangst i Nordatlanteren frå Sunnmøre/Ålesund gjekk føre seg i tiåra rundt 1900 med brukte, spesialutrusta seglfartøy på 80 – 90 tonn, innkjøpte frå USA og England/dei britiske øyar. Fartøya sin størrelse og utrusting var tilnærma lik for fangst og lasting. Det var brukt to typer seglføring. Nokre var skonnertar og nokre skværseglarar.

Fangstinga fylgde vandringa til nebbkvalen og fangsten var spekk til oljeproduksjon. Kvalen fylgde truleg vandringa til ein blekksprut/akkar. Kvalfangarane sjekka av og til mageinnhaldet til kvalen som var mest blekksprut med innslag av litt sild og torsk.

Forteljarane er brørne Henrik og Martinus Holsvik og modell av fartøyet «Nevada» er laga av Andreas Årsetøy. Henrik har etter eige utsagn sju turar frå 1903 – 1910. Han sit med modellen fram for seg når han snakkar. Martinus seier seks, sju turar. Han sit i skomakarverkstaden sin og tenkjer tilbake på ei farefull tid. Andreas, som laga modellen, er nemnd som mannskap og har truleg ein tur, tidlegast i 1915.

Artikkelen er ei systematisering av det som blir fortalt på lydbanda 50 – 70 år etter dei faktiske hendingane der ein ser hendingane med lokale auge frå ei fjordbygd på «indre stråk» på Sunnmøre. Ein fyl ikkje forteljinga, men tenkjer; tur, fartøy med gjenstands-plassering, reiskap og bruk av reiskap. Gamle gjenstands-namn, utgådde seiemåtar, ikkje alltid fullførte utsegner og tidvis bruk av halvemål er grunnlaget/utgangspunktet. Sumt treng litt synsing/kommentar og forklaring utan garanti for den «heile og fulle sanninga», men ein er i nærleiken.

Fangstturen

Turen gjekk ut frå Ålesund rundt 1. mai. Kursen var fyrst for nord om Færøyane der ein vona å treffe kvalen på vandring nordover. Så fangsta dei på vandrande kval på nordleg kurs til dei anten var lasta eller måtte endre kurs på grunn av isen rundt nordpolen.

På rundt 66 grader nord var ofte mykje sild. Ved 67 - 68 grader byrja midnattsola. Kvar dei trefte iskanten er ikkje kommentert, men det må vere nord om 68 graden. Dei var av og til inn i råker i isen og skaut kval. Det var rekna som svært farleg og held av og til på å gå gale.

Vart dei ikkje lasta på tur nordover, fylgde dei kvalen vidare vestover nord om Island og var til iskanten ved kysten av Grønland ein og annan gongen, her på sørgåande.

Å sjå heimlandet stige or hav får begge informantane til å bli litt høgtidsame i røysta. Det virkar som dei oftast såg land eit stykke sør om Statt. Når dei var sikker på kvar dei var kryssa dei seg nordover på fire timars bautar til dei kom nord om Runde. Dei endra tydelegvis segl i vaktskifte når alle var med. Så gjekk dei inn Breisundet til Ålesund.

Dei kom heim ein gong i august seier eine informanten. Den andre seier at er det lite kval kan turen ta 4,5 månad, då er ein i midten av september. Så tidspunkt for heimkome har skifta. Fangsten vart levert i Ålesund.

Mannskap og vaktsystem

Fartøya hadde køyplass til 12 mann. Dei gjekk og med 11 då skipperen ved ein del høve og var påmønstra som 2.skyttar. Altså: Skipper, 1.skyttar, 2.skyttar (skipperen ved 11 mann), 3.skyttar (drepar), seglkyndig kokk, kokkefante (truleg såkalla halvloting) og 6 «vanlege menn» (desse 6 og kokkefanten med køyplass i lugar framme).

Ved avgang leigde ein slepebåt «ut på eggakanten». Her «vart vakta sett og vi gjekk under segl med kurs vestover». Skipper og 1.skyttar delte mannskapet i to så like delar (i høve til arbeidsoppgåvene) som mogeleg. Det hende ei justering måtte til men oftast gjekk ein slik turen ut. Vaktene verkar å vere fire timar på, fire timar av.

Ved «fast fisk» og til spekket var kome på tankane var alle i arbeid. Ved fangst-slutt gjekk ein tilbake til vaktsystemet. Ved enkelte høve med vedvarande fangsting eller etter uver kunne skipperen beordre alle til køys for å sove ut (med unntak av eit par stykke som sikringsvakt).

«Nevada». Ein tomastra skonnert med kutterskrog

«Nevada». Oppgitt lengde 65 fot (ved eng./am fot 19,8 m). Kutterskrog bygd i tre. To mastrer, bakmastra er høgst. Innkjøpt som spesialutrusta, brukt kvalfangar frå Amerika. Norsk redar, som austefjordingane heldt seg til, Hans Nørve, Ålesund. Nørve hadde tre kvalfangstfartøy (seier dei her, namnet på to fartøy er ikkje oppgitt).

(Fartøyet si lengde med bakgrunn i målemetode frå norsk fiskeriregister 1923: For skonnert er desse 65 fot frå framstamn «til øvste ende av akterstevne», om lag øvste ende rorstamme. Så stikk hekken bakom rorstamma med 4 - 10 fot alt etter utforming på hekken. Nevada har truleg ei lengste lengde på skrog på mellom 21 og 23 meter. I tillegg kjem baugsprydet med nedre feste for dei to fremste segla. Den er truleg oppgitt i eng./amerik. fot slik samtidige brukte fartøy kjøpt frå England oftast var).

Innhald under dekk, framanfrå og bakover

Kabelgate: Eit lite rom framme ved framstamnen med inngang frå framlugaren. Her er reservesegla lagra, truleg reserve berre av «arbeidssegla». Når ein kom i fangsting tok ein ned det som ikkje var «arbeidssegl» og la dei på toppen av reservesegla.

Framlugar/mannskapslugar: Innreidd med køyer til 7 mann. Varmen er kolfyring i omn og lyset er frå parafinlampar.

Lasteromet: Hadde fast innreiding. På begge sider, med gangveg mellom, tilpassa/formbygde klinka spekktankar i jern med «bakseluker» i dekk for kvar tank for å laste inn spekk. Mot lasteromet hadde tankane luker for inspeksjon og å ta ut vatn og kol i «pøsar»/bøtter. Tankane var ved avreise, med unntak av ein eller to, fylte vekselvis med kol og ferskvatn (om det går an å kalle ferskvatn på godt brukte spekktankar dette). Den vekselvise lastinga av tankane er trimming av fartøyet før avreise. Fartøyet skulle vere stabilt i trimming (kvile like tungt i sjøen) frå dei gjekk ut til dei var komne i hamn att for å tole seglføringa i alt slags ver. Dei tømde forbruksvarene (kol og vatn) frå tank for tank og fylte på med spekk. Ved uttak av vatn til drikkevatn vart ein sjuk om ein drakk vatnet slik det var. Ein blanda eddik i vatnet, mengda eddik er ikkje oppgitt. Henrik Holsvik: «Det var ikkje godt men ned måtte det».

I framkant av lasteromet, ved frammasta stod tre tønner med reservevatn, eit vedalad med turr ved til opptenning av kol i omnane og ein hoggestabbe. Vatnet i tønnene skulle takast med i livbåtane/fangstbåtane om ein måtte forlate moderfartøyet. Henrik Holsvik: «Når vatnet hadde rotna tre gonger vart det heilt klart og godt drikkande». (Korleis forklare eit slikt utsagn ?). På toppen av tankane var lagra mykje material til reparasjon ved skade på fartøyet.

Skippersalongen: Lugaren har tilgang med leider/trapp frå ruffen og er innreidd med eit stort bord midt i romet med slingrekant for draft/kart til navigasjon. Bordet er og brukt til matservering til skipper og skyttarar. Kronometeret heng på skotet/veggen. Her er kolfyring og parafinlampar. Kokkefanten har ansvar for fyring og servering her.

Proviantrom: To mogelege plasseringar. Mellom lasterom og skipperlugaren med grunn at dette er rolegaste plassen i fartøyet er den eine. Under og bak «skipper-salongen»/skipperlugaren er andre alternativ. Begge plasseringane har tilgang frå skippersalongen. Det var ført rekneskap for all mat ved avgang. På det tidspunkt som vart rekna midt i turen, halvlasta med fangst, gjekk kokk og skipper i proviantromet og talde over. Er halve maten brukt ? Om meir enn halve maten var brukt vart det sett rasjonar for siste halvdel av turen. Kokkelugar: Der var ein knøttliten lugar til kokken, men det er ikkje oppgitt om den var under dekk eller i ruffen ved byssa.

Våpen og ammunisjon: Førebels ingen informasjon om mengde eller kvar denne var lagra i fartøyet. Skipper og skyttarar heldt nok tilsyn så det er truleg i området skippersalongen. Der måtte vere ein god del kilo sprengstoff og tenn-mekanismer om bord ved avreise til truleg åtte kanoner og fire rifler. Reiarlaget Hans Nørve hadde lager på «Tyskholmen», her vart kanoner, liner og ammunisjon tekne om bord og kontrollerte ved klargjering.

Plassering av ting på dekk, framanfrå og bakover

Baugsprydet: Ein stokk som stikk fram om stamnen og er nedre fremre feste for jagarklyver og klyver. Har feste ved stamn og eit stykke bak på dekk.

Kvalkanon: Ei stor og minst ei mindre. Kanonene er harpunkanoner av munnladings type. Der var målebeger for svartkrut til kvar kanonstørrelse. Krutet slo ein i ein spisspose eller litt papir og stappa i løpet med ladestokk. Sette så i ei kork med oppgåve å halde krutet tørt og som slagdempar mellom ladning og bakre harpunende. Tenning var ved ei «krag-mekanisme» med ei lada hylse utan kule i. Ein kan truleg tenkje at stor kanon har to-toms/50 mm løp-diameter og dei små kanonene på moderfartøyet noko mindre. Fangstbåtane måtte ha mindre, tilpassa kanon-størrelsar.

Kjekkepullerten: Ein «kjekkepullert» (fornorska engelsk) på kvar side av fartøyet framme og bak. Ei forklaring på namnet kjekkepullert kan vere at båtane er engelsk/amerikanske og at desse orginalt heiter noko slikt som «check pullert». Desse pullertane er ein kraftig stolpe festa i rekka og skroget. Dei stikk godt opp over rekka og er runde med form som «koppen» på ei seinare normal båtvinsj. Ein prøvar seg fram kor mange omdreiningar harpunline må ha for passeleg bremsing/kontrollert utslakking. Ei omdreining er for lite, tre omdreiningar gir sjølvlåsing. Derfor skal harpunlina leggast to omdreingar rundt kjekkepullert ved klargjering til skot frå harpun.

Nedgang til lugar framme, modellen syner ei firkanta kasse med ei kappe med kruma tak på.

Fram-mastra, med sine stag og sitt tauverk. Den har stag framover som fokke, klyver og jagarklyver går på. På begge sider er vevlingar opp til salinga. Vevlingane er fire stag med trestenger fastsurra på tvert slik at det blir danna ein stige til å gå/klatre i ved arbeid over dekk. Salinga er felles festepunkt/i ein smidd klave rundt mastra for mange av staga. Ved salinga er ei plattform. Den blir brukt til utkik etter kval. Ved salinga er mastra skøytt. Sjå modell.

Spel, handdrive med med to sveiver: Stort, plass til tre mann på kvar sveiv, vanleg med to, for kvar sveiv er det ein formann. Spelet vart brukt til tungt arbeid med tau, kjetting og wire. På modellen er spelet plassert bak frammastra og dermed rett under lasta når ein dreiv med flensing. Det var farleg å gjere feil med tung last på spelet. Spesielt vanskeleg i slingring var når siste ende av «felden» sleppte på kvalen, då skulle ein slakke ned slik at «felden» vart liggande tvers over dekk. Om «felden» byrja å svinge frå side til side i vart det fort livsfarleg.

Romluka og bakselukene: Laste-rom-luka midt på dekk mellom mastrene i fartøyet si lengderetning. Bakselukene i rett rad på begge sider av laste-rom-luka mellom rekka og luke-karm, ei luke for kvar spekk-tank i lasteromet. Lukene vart skrua fast og drivne tette før ein gjekk frå hamn. Når ein ved fangsting hadde fyllt ein tank med spekk gjorde ein like så, skrua og dreiv bakse-luka tett.

Bak-mastra, med sine stag og sitt tauverk: Bakmastra er høgst. Framover er eit horisontalt stag til frammastra. På begge sider er vevlingar opp til salinga. Vevlingane er fire stag med trestenger fastsurra på tvert slik at det blir danna ein stige til å gå/klatre i ved arbeid med segl. Salinga er felles festepunkt/i ein smidd klave rundt mastra for mange av staga. Frå denne plattforma går ein ut ein wire mellom mastrene ved arbeid med toppseglet. Ved salinga er mastra skøytt. Sjå modell. Seglet, trehuk/mesan, med lang gaffel-bom bakover.

Ruffen, ei firkanta, rektangulær kasse bak bak-mastra med: «Byssa» i forkant med kol-fyring. Så trappa til «skippersalongen». Så rom med fire køyer til; skipper, 1.skyttar, 2.skyttar og 3.skyttar/drepar.

Natthus: For kompass.

Rattet: For styring av ror.

Heilt bak, minst ei kanon med utstyr. Ein «kjekkepullert» på kvar side.

Ved rekkene/sidene davitar/opphivings-mekanisme til fangst/redningsbåtane.

I mastrene. Segl og hive-utstyr til flensing

Jagar-klyver: Vanskeleg å berge. Ein stod i «pertar» under fremre ende av baugspydet. Seglet skulle «seisast» (surre ein taukveil liggande oppå ein rund stokk) fast som ei tauhespe/togahespe/taukveil på baugspydet. Ikkje i bruk ved fangsting. Vart ved fangsting lagra i kabelgate.

Klyver: Ein stod i «pertar» under baugspydet inn ved framstamnen og seglet skulle «seisast» fast på baugspydet som ei tauhespe. Ikkje i bruk ved fangsting. Vart ved fangsting lagra i kabelgate.

Fokke: Arbeidssegl, i bruk ved fangsting. Næraste segl fram om frammastra. Har ikkje bom.

Merssegl: Godeverssegl, bak frammastra, i toppen over storseglet. Farleg å styre med ved særleg vind. Der var «vevlingar» berre til «salinga». Ein gjekk på ein wire mot aktermast i arbeid med dette seglet. Ikkje i bruk ved fangsting. Vart ved fangsting lagra i kabelgate.

Storsegl: Arbeidssegl, i bruk ved fangsting. Nedste segl bak frammastra. Har gaffel-bommar oppe og nede.

Trehuk/mesan: Arbeidssegl, i bruk ved fangsting. Segl bak bakmastra. Gaffel-bom nede.

Arbeid med segla: «Riving»/ta rev i segla: På arbeidssegla var det høve til to «riv» i tillegg til fullt segl. I nedste hjørnet og i ende med dei to rekkene med tau til «riving» var sydd inn ein grov «kause» (ring av stål/jern) for «stikkbaut»(festetau i nedre bakre hjørne av seglet, fliken) ved riving. Ved kvart byte av bruksstørrelse på segla måtte ein tre «stikkbaut»/festetau for fliken/seglhjørnet i rette kausen og gjere fast. I styggever var dette ei livsfarleg arbeidsoppgåve for dei to segla med bom. Spesielt bommen for trehuken/mesanen var lang og utsett. Fekk ein ei skikkeleg vindråse på seg og fartøyet la seg over grunna seglpresset og med bommen mot eine sida, kunne det bli lenge å halde pusten under vatn før ein fekk luft att. For å kome ut på bommane var desse rigga med to wirar, ein under å gå på og ein langs bommen som kvilte mot ryggen. Du måtte henge fast etter hendene. Det hende av og til i styggever at folk nekta å gå ut for å setje «stikkbaut», då var det skyttarane som måtte til.

Ved fangsting er brukt to uttrykk for seglinga av morfartøyet:

«Beseile båten»: Med alle tre fangstbåtar ute har seglkyndig kokk og kokkefanten i oppgåve å ha segl oppe og krysse i lo/lu (høgare oppe i vinden) av fangstbåtane. Fangstbåtane var då i le (unna vinden) i høve til moder-fartøyet som kan «falle ned på»/gå til fangstbåtane unna vinden for sikring og hjelp ved behov. Å krysse seg opp mot vinden med så lite mannskap var rekna som umogeleg når det var knapt om tid. Det vart mykje rar segling med så lite mannskap.

«Kle av båten»: Å få ned segla. Henrik Holsvik: Han Benoni Mikalsen sa ein gong at han hadde vore ombord i dei fleste av dei lokale kvalfangarane og segla. «Nevada» var den beste seglaren av alle. Ho tolde mykje segl og all slags ver.

Navigasjon

Om navigasjon er sagt lite. Men når solhøgd skulle takast var to mann i sving. Ein i skippersalongen ved kronometeret og ein med sekstant på dekk. Dei signaliserte seg i mellom med å trampe hardt i dekk eller dørk slik at klokke og sekstant-avlesing vart samordna.

Arbeidsreiskap og framgangsmåte ved fangsting

Fangstbåtane: Der er tre fangst-/redningsbåtar med tre mann på kvar. Ein skyttar og to roarar. (Om båtane er sagt lite, det blir dermed synsing ut frå modell av «Nevada» med fangstbåtar). Brukar ein høvestal/forholdstal er fangstbåtane 16 - 19 fot (ca. 5 - 6 meter) lange. Må vere sterkbygd, men ikkje tung, for den skal ved fangsting roast av to mann. Framme har båten kvalkanon og «kjekkepullert».

For harpun-kanona i robåten må ein ha lov å tvile på om den er like stor som minste kanon på mor-fartøyet. Når ein i ettertid ser at harpun-kanoner til størjefangst har kaliber som eit harpun-gevær kan ein tru at det på denne tida var tilgjengeleg tilpassa harpun-kanoner etter båt-størrelse. Der må ligge klar minst 1000 meter harpunline og truleg ei noko stor seglduksblåse til hive på sjøen med siste line-enden om situasjonen blir for vanskeleg.

Ved bruk av fangsbåtane vart det gjerne mykje «taumkøyring». Desse båtane var relativt lette så dei gav ikkje ut meir taum/line enn dei måtte om kvalen ikkje gjekk rett «ned i hysebygda». Taumkøyringa kunne gi fart og det var fort gjort å kome vekk frå morfartøyet. Var det vindstilt var det ikkje mogeleg å fylgje for segl.

Martinus Holsvik: «Femti år etterpå går det enno kaldt ned over ryggen på meg når eg tenkjer tilbake. Vi heldt på å misse han Aursta-Danel (Daniel Aurstad) med mannskap ein gong. Til slutt var dei så små i horisonten som eit punktum på eit papir. Ein liten skoddedott eller ei vindråse så hadde vi aldri meir sett dei».

Kvalkanon, harpun og harpunline: Ved skot frå kanon går harpun ut med harpunlina. Fyrst ei noko tynn, sterk fortaum som ligg på eit linebrett midt under kanona. Til denne er festa tjukkare line og denne skulle ved klargjering ha to tørn rundt «kjekkepullert» for bremsing. Så skal der vere klar fem kveilar line med 400 famner kvar. Normal bremsande utgang av tau var 400 famner, men av og til bort imot 1000 famner. Ein mann bak skyttar har oppgåva med å «slå på» (knyte på) ny kveil ved behov. Kvalen gjekk gjerne til 800 meter djupne før den svinga mot overflata att.

«Kjekkepullerten»: Ein «kjekkepullert» på kvar side av fartøyet framme og bak. Å «kjekke» er bremsande etterslakking av tau.

Sjø-votten, ein universal-reidskap: Ved skyting skal der ligge klar eit par spesielle sjøvottar til å ta på før ein tok i harpunlina som bukta seg som ein ål i vatn, omtrent i skulderhøgde over dekk, og sa oooouuuu-oooouuuu når kvalen, ref; Martinus Holsvik: «tok til palings ned-i-jønå hysebygda». Dei gamle orda her: Til palings, brått å auke farta frå stilleståande til «full spikar». Hysebygda var vanleg uttrykk for sjøen eller havet. Vottane til harpunline-bremsing: Litt synsing. Utan at det kjem klart fram frå interjuva vart det til bremsing av harpunlina kjøpt opp/skaffa tak i, brukte, heimelaga sjøvottar. Desse hadde gått si ferd om fleire hender. Fyrst spøta/strikka store av tjukk heimelaga ulltråd. Så tova før dei vart tekne i bruk. Seinare tova i bruk til dei var utslitne, men dette tok si tid. Fyrst ein sesong eller to på vinterfiskje. No var dei ettertrakta av steinarbeidarar som ofte hadde nye sjøvottar til fiskarane i byte med dei meir tova og tjukkare. Til steinarbeid vart dei tova noko til, no med steinstøv i ulla. Dei tjukke vottane, knallharde i loven med steinstøv i ulla er dermed slitesterke nok i lovane til taubremsing. Kanskje stod der ei pøs med vatn til å stikke ein og ein vott i for kjøling når det rauk som verst av tauet ? Når desse vottane vart for små til mannshender overtok kvinnene dei til reinskrubbing av saltfisk før sal. Dei smurde fyrst fingrane med sauetalg mot vatn, frost og salt, så brukte dei vottane som ein skrubb. Om lesaren veit meir om ein sjøvott sitt normale liv, skriv.

Sjøvotten vart og nemnd i historieforteljing: Ein lokal størrelse som hadde vore på fiskje og fangst ein mannsalder var i eit brudlaup på «ytre stråk» i lag med mange eldre «hard-drivarar»: Dei samtala/«rølte» om sine bragder og vår lokale forstod at no gjekk han tom for fleire historier. Då sa han fylgjande: «Nå di karanje e sett so mykje sjø so ej e vride ut o lovottanje mine kanj di kome ijen å fortelje fleire skrøne». /Når de karane har sett så mykje sjø som eg har vride ut or lovottane mine kan de kome igjen og fortelje fleire historier/risper/skrøner.

Dreping: Fyrste tida fangsten føregjekk vart det meste av kvalen harpunert frå fangstbåtane. Heile tida harpunerte dei frå fangst-/moder-fartøyet. Frå rundt 1910 vart dei fleste kvalane harpunerte frå fangstfartøyet. Dreparen måtte heile tida i småbåt. Han skulle forstå kvalen og helst få inn drepande skot frå rifle andre gongen kvalen var oppe etter harpunering. Ein sikta frå bakom «spjøra»/luffe/veng på sida, for helst å treffe nakkehvirvel, hjarte eller lunge. Her tok ein og hol for å sleppe ut luft for at kvalen skulle flyte passeleg tungt ved flensing. Ikkje så enkelt å treffe frå gyngande småbåt. Ein må alltid ha med seg tanken at vassflata bryt retninga for synet. Skal harpun eller kule i vatn må ein skyte der objektet er, ikkje der det ser ut som det er. Andreas Årsetøy synte sine evner seinare på heimesjøen etter størja. Henrik Holsvik: «Det er stygt å skryte av seg sjølv, men eg bomma ikkje ein einaste gong desse åra».

«Mane»: Ein «mana»/finmanøvrerte/forhala kvalen inn til skutesida framfor «flenseporten» og la fast kval-endane i fartøyet. Flensing føregjekk på flytande kval. Hovudet var ved fram-mastra. Ved stor kval måtte ein forhale og ta ei runde til. Kor stor «felden» kunne vere hang saman med avstanden mellom mastrene.

Vinsjeutstyret: «Hangert», «geine», «fjagg» og «fjått»: For å få «felden» (skinn og spekk) av kvalen og inn på dekk var brukt tilpassa utstyr. Ein tjukk wire, «hangert» hadde fast endefeste i frammastra høgt oppe (truleg ved «salinga»). Den var tilpassa på lengde og vart henta opp og sjakla (skrua fast med sjakkel) fast til bakmastra i same høgde (paralellt med dekk) ved klargjering til flensing. Den kunne ikkje henge oppe ved bruk av storseglet. På hangert hengde ein to fir- eller fem-skorne taljar, «geine» der drageenden gjekk om «fot-blekre»/-blokker festa ved dekk/rekke/romluke for å styre drage-enden av geine til sveivespelet drege av fire til seks mann. På hangert mellom mastrene kan avstanden mellom geine (lengda på felden) justerast.

Sjå tyding i Nynorsk ordbok for hangert, geine og fjagg. Fjått er ikkje med. Uttrykket, skeivling, i forklaringa, fortel at einkan gå nedre ende på geine i alle retningar ut frå opphengs-punktet.

For 2016 kan ein finne dei fleste delane til denne konstruksjonen i utstyrskatalogane til taubane og vinsje-produsentar. Hangert, ein wire med pressa endar og med sjakkel og kjettinglekkar i endane. Geine, ein fire-(fem- eller seks-)skoren talje med grove skiveblokker. Den er opphengd på hangert på ein wire-løpar. Ein slik som ein samlar stokkar på ved bruk av vinsj, ofte to tre stykke på vinsja sin dragewire. Under geine er festa kjetting som er tilnærma lik ein snarekjetting brukt ved vinsjing. Her er den tilpassa i lengde. Fjagg er kjettingende med nål på (hanndel), truleg ein meters lengde. Fjått (hodelen) heng på same feste, den blir brukt berre i låsestilling. Fotblokk/fotblekre er brukt ved rekka/ved foten av mastrene/ved hjørne på romluke og så bortetter for å styre/vende drageretning på tau så det ikkje får mekanisk skade. Her brukt for å ta to tauendar til vinsjekoppane for å drage geine (to) paralellt.)

Flensing: Det var skyttarane si oppgåve å bruke flensekniven, ein lang kruma (bogen/krokut) kniv med eit 4 -5 meter langt treskaft på. Etter kor sprek skyttaren var stod han anten på tiljene eller toftene i fangstbåt på utsida av kvalen i høve til moderfartøyet. For å stå på toftene måtte ein ha god balanse, men flensinga gjekk om lag dobbelt så fort som å stå på tiljene. Roarane stod i kvar sin ende av fangstbåten og heldt avstanden til skutesida med kvar si år eller båtshake. Flensaren tok lengdesnitt og litt tversnitt på det som blir «felden» på kvalen. Skjer så eit hol i kvar hjørne slik at skinnsida vart vend mot morfartøyet ved hiving og trer «fjagg» gjennom holet i «felden» og låser i «fjått». Så brukar skyttaren flensekniven og gjer så reint mot kjøtet som mogeleg. Han skjer skinnet for enden av felden samtidig, kvalen går rundt i sjøen når ein hivar med «geine». «Felden» skal ligge med spekksida opp på tvers av dekk når flensinga frå kvalen er gjort. Det farlegaste er når «felden» slepp kvalen. Då må ein vere snar å slakke ned for å legge den pent over dekket.

Håkjerringa, som det var mykje av, var reint plagsam medan flensinga føregjekk. Den stod vertikalt i sjøen rett under og kom opp mellom båtane og beit ut kjøt og spekk rett ved hendene til flensaren. (Begge interjuvobjekta seier flensarane stakk kniven i kjeften på håkjerringa når den vart for pågåande. Då måtte den truleg ta seg ei runde for ikkje å bli angripen av sine eigne.)

Når «felden» ligg på dekk med spekksida opp skjer ein spekket av skinnet i strimlar og styrer strimlane ned gjennom ei opa bakseluke til spekktank. Ein fyller ein og ein tank.

Spekket til oljeindustrien i heimehamna Ålesund.

Hovudet vart ofte teke med då beinet her vart seld til småindustri. Resten, skrott og skinn blir løyst og går til havs att. Når det skjedde virka det ofte som havet kokte eit lite bel. Håkjerring i store flokkar gjekk inn og sette kursen «ned i hysebygda» saman med restane. Martinus Holsvik: «Det gjekk ikkje longe ykta før beingrinda var reineten».

Kvardag og dramatikk

Frå vakta var sett, mannskapet var under kommando som arbeidslag, og segla var oppe fyrste gongen virkar det som om alle måtte «puste roleg og vakte på kvar ei handling» for å ha von om å kome levande heim. Det rare er at ingen av interjuvobjekta nemner fare med eit ord. Dei nemner heller ikkje skadar. Saka er enkel. Er du med på slikt arbeid er du vaken og med sjølv om augene må haldast opne med fingrane.

Om klargjering og samling av mannskap

Redaren har full kontroll med klargjering av fartøya før tur. Han har gjort avtale med folk han stolar på held seg edru og arbeider etter avtale medan fartøyet ligg ved land. Desse kan vere ein skipper eller ein skyttar med eit arbeidslag på nokre mann som møter i høveleg tid før tur.

Fartøyet blir henta frå opplag og ein set i gang naudsynte reparasjonar. Så går dei til lager og tek om bord tauverk, segl, kanoner, ammunisjon, proviant og elles anna naudsynt utstyr.

Så skal mannskapet som det er gjort avtale med tidlegare på plass. Det er ikkje alltid like «beinkløyvt»/enkelt.

Sjømannslege vurderte alle. Ingen slapp om bord utan attest Det vart gjort individuelle vurderingar ut frå om du er frisk, treng arbeid, har ei familie som treng sårt til inntekt. Ikkje så enkelt dette.

Dette var i det ein her kalla «tærings-tida»/tuberkulose-tida. Det var sagt at dei som hadde tæring var gulfarga på ryggen. Ein del folk som var gule på ryggen var med. Med-seglarane såg dette og stilte naturlegvis spørsmål. Svaret var: Legen sa det var berre å reise. Familiane deira trong inntekta. Fartøya vart taua ut på «Staursundet» og ankra opp slik at dei var godt klar av land. Så vart skipper og skyttarar innkvartert. Men på så ymse vis.

Reiaren hadde gjort avtalar med kvar enkelt mann. Men alle var ikkje like glade for å reise når «åt bar», eit mykje brukt uttrykk for når ting/avtalar vart sett ut i livet.

Ein gong skyttarane hadde gjort klart var neste oppdrag å hente skipperen heime. Han var langt frå edru og protesterte heftig mot å reise til sjøs. Han vart teken med om bord og låst inne i skippersalongen i tre døgn med henne "Siri"/pøsen/dobøtta og det han trengde av mat og drikke. Behandlinga er kalla «oppturking». No fekk skipperen kommandoen av redaren. Kommandoen for skipper var med atterhald om landlov. Skyttarane hadde beskjed frå reiar om vakthald. Ikkje landlov for skipper før tur.

Fjordafolket held eit auge med kvarandre så dei skulle oppføre seg nokolunde før tur. Men å få ombord dei som var kjende i byen var ikkje like enkelt. Skyttarane gjekk frå pub til pub og tok med sine mannskap. Vel om bord i fangst-fartøyet sette dei vakt over småbåtane slik at ingen skulle ro til lands att. Dei tystaste stupte til havs, sumde i land, og gjekk sine eigne vegar. Så ny runde med henting. Og ny runde igjen. Men no knytte dei slepebåten «Basken» for stamnen. Han slepa dei ut for «Eggakanten» der segla kom opp og dei kursa vestover.

Martinus Holsvik: Hå, hå. Ja det var eit år. Eg såg på frå «Nevada». Vi låg nedanfor «Gløsen» utanfor «Holm-brygga». Ved Holmbrygga var der ei tretrapp som gjekk ned i sjøen. Ein tjue, femogtjue mann hadde vore ei runde «på byen». Her kjem dei og hadde bestemt seg for at dei skulle om bord i «Skerner». Dei praia, «Skerner» o hoi. Om bord i «Skerner» var han Nikolai Slåttelid åleine, han sat i eine mastretoppen og heldt på med noko tau-arbeid. Det var ikkje så «snartrive» å kome seg ned derifrå. Gjengen på land hadde ikkje tid til å vente, dei ranga av seg kleda, stupte til havs og tok seg om bord. Der for dei springande rund på dekk ei stund. Når dei var leide her stupte dei til havs og sumde til lands att og for opp gjennom byen spildrande nakne.

Byen hadde to patruljerande politimenn. Desse hadde ingen sjanse å styre desse nakne karane. Men dei var eit stykke framom og fekk folk til å gå i hus so der ikkje skulle bli krangel med nokon andre.

Tobbaksløyse

Vel på sjøen komne slo ofte eit anna fenomen til, tobbaksløyse. Folk vart ofte sure og grinete og ikkje til å vere i båt med over lang tid. Nokre bøtte på tobbaksløysa med å røykje endar med tjøretrekt hamp som låg att etter tauspleising. Desse kunne beint fram vere farlege, spesielt å vekkje dei frå djup søvn. Mannskapet som budde i lugaren med desse kom då bak ved vaktskifte og bad skyttarane gå og vekkje. Dei som bodde i same rom torde ikkje. Respekt for befalet gjorde at ingen kom til skade.

Skjedde desse hendelsane var det ikkje anna å gjere enn å gå over båten og gjere reint for alt som kunne røykjast eller tyggast som stimuli.

Kokken sin fyrste kval

Martinus Holsvik var seglkyndig kokk: Ein dag alle fangstbåtane var ute men ikkje såg eller fekk tak i kval kjende dei to kokkekarane at det låg kval og skrubba seg langs skutesida. Fleire stykke. Martinus høyrde etter kvart at dei byrja å rope frå fangstbåtane eit stykke unna: «Skyt, skyt, SKYT, SKYT»….., ordre frå skipper og skyttarar om å skyte. Han Martinus torde ikkje, ikkje tale om.....men så torde han likevel. Men berre med minste kanona.

Kvalen var tett ved, Martinus brende av og fekk «fast fisk som tok til palings rett ned i hysebygda». Han fekk på seg spesial-vottane og grip om harpunlina som passerar buktande som ein ål i vatn og uler høgt. Der er berre eit tørn på «kjekkepullerten» og det gir for lite bremsing.

Kokkefanten er flink og «slår på» kveil på kveil med line. Matinus prøver periodevis å stikke ut line raskare enn kvalen går for å få på ei omdreining til på pullerten, det går ikkje. Etter fem kabellengder går farta ned og kvalen vender mot overflata.

Martinus har samtidig bedt kokkefanten å «kle av båten». Det var berre å løyse taua og la segla dette, det såg lurvete ut.

No kom 3.skyttar og drepar, han Elias Aurstad til, skaut frå bak om «spjøra» for å treffe nakkehvirvel og få ut luft. Det gjekk greit. No såg dei seg rundt. Dei to andre fangstbåtane var berre nokre prikkar i horisonten. Det gjekk bra men marginane var små.

Rekordfangst

Henrik Holsvik fortel om rekordfangst i svartestille ved ei råk i isen der dei med nød og neppe kom seg ut før råka gjekk att. Dei rodde/slepa morfartøyet med fangstbåtane. Ein hadde knapt fått fingrane mellom skutesida og iskanten då dei smatt ut.

Der låg sju skotne kvalar fortøygde rundt «Nevada» når han Benoni Mikalsen bad dei tørne inn og få seg litt søvn. Når dei vakna att sa han at hadde kunna skote like mange til medan dei sov, men dei skulle flense og, så han let vere.

Kamp for livet

Om tolkinga av lydbandet er rett så starta den store dramatikken rett etter flensinga i denne flotte svartestilla ved iskanten.

Henrik Holsvik: Det kom fyrst nokre kalde «strok» frå nord. Brått tok «han seg opp» til eit kraftig uver. Det vart sett litt segl unna veret, så bles vinden toppen av bårene og dei segla berre for riggen ei stund. Dette vart og umogeleg.

Neste tiltak var å setje ut drivanker frå framstamnen med 400 famner med tau slik at ein dreiv unna veret med stamnen mot bårene. Nær båten vart sett «bølgedempar», ei blekkboks med små hol i. Boksa vart fylt med parafin og sleppte ut små dropar som tok toppen av bårene. Når det var slutt på parafinen tappa ein kvalolje frå botnen av spekktankane og brukte det i staden. Det verkar som dei «slo på»/knytte på ei haleblokk som vart slakka eit stykke frå fartøyet. Så brukte dei tynt haletau ved påfylling av boksa.

Isbanking er farefulle greier med livet som innsats. Ein banka is frå mastre, rigg og dekk. Frå dekk måtte ein skufle/spade isen til havs. Det fraus is over alt. Ingen fekk sove. Sjuande dagen spakna det.

Dei flaut framleis. No såg dei fjella på Island på ein trasig kort avstand. Skipperen, han Benoni Mikalsen sette så lite vakt råd var og sende resten til køys for å sove ut.

Materialen i lasteromet kom godt med. Det vart «snikert»/snekra ei veke før dei hadde bøtt/reparert ting som var øydelagt eller vekk og kunne ta opp att fangsten. Det var mykje skade. Av store ting var det meste av rekka på eine sida borte.

Å setje drivanker og banke is nokre dagar er omsnakka som ei grei sak. Denne spesielle gongen var vinden hard og vond. Sju dagar i strekk var mykje.

Redd ?

I tida før 1960 levde framleis mange av desse kvalfangarane og deira jamaldringar. Søndags-morgonane, etter fjøstid og før middagen kom på bordet, samla karane seg på faste plassar med god utsikt og prata, til dømes i Djuvik-Brauta. Gutane samla seg og, men på litt avstand, ikkje meir enn at ein fylgde med i samtalane.

Historiene er ikkje godt å gjengi, men sumt sit att ei stund. Når nokon fortalde om desse verste tinga dei hadde vore med på var det ikkje uvanleg at nokon av dei andre spurde: «Va kje du redde då ?»/Var ikkje du redd då ?

Svaret var aldri direkte ja eller nei, men: «Denj so ikkje av å ti e vit ti å vere redde, anj e kje vit i de eile»./Den som ikkje av og til har vit til å vere redd, han har ikkje vit i det heile.


Seglskutene som er nemnde som samtidige med «Nevada»

Skonnerttyper:

«Nevada», 65 fot, kom frå Amerika, redar Hans Nørve som ei periode eigde tre skuter. Det er ikkje sagt namn

«Bravo», ingen opplysingar

«William Martin», ein slupp-galeas bygd i Hull i England 1877, innkjøpt til Volda årsskiftet 1891/1892 av selskap AS William v/J Olsen som fyrste eigar, så andre i Volda. Seld i 1902 til Ålesund, partsreiarlag P. L. Skjeide. Sjå Voldaminne 2012 s. 142. Ukjent tidspunkt seinare nytt namn,

«Skansen»

«Marta», ingen opplysingar

Skværseglarar:

«Alfa», ingen opplysingar

«Zella», ingen opplysingar

«Skerner», ingen opplysingar, anna enn at Lidagutane (Slåttelid) var mykje med denne

«Sulfield» (kanskje «Suffield»), ingen opplysingar

Størrelsar: Martinus Holsvik: «Alle var i om lag same størrelse, sånn 80 - 90 tonn tenkjer eg»

"Flaggskipper" Benoni Mikalsen

Austefjordingane og nærliggande område held seg til han Benoni Mikalsen som budde i Volda, sjå Voldaminne 2012 s. 141. Henrik og Martinus fortel eigentleg at han Benoni administrerte meir enn eiga skute hos «Nevada»-redar Hans Nørve. Han henta mannskap frå lugaren framme til skyttarar til bruk på fleire fartøy. I tillegg var han oppteken av å formidle navigasjonskunnskap til skyttarane han hadde med.

Av skyttarane til Benoni er det kjent at Daniel Aurstad, etter mange år som skyttar, i 50-årsalderen (rundt 1935) fullførte navigasjonskurs i Kristiansund og vart skyttar/kaptein på kvalbåt frå Sørlandet i Sørishavet.


Austefjordingar nemde ved namn

(Knut) Daniel Aurstad (1884 - 1974, BsV3 s.491)

Elias Aurstad (1889 - ?, BsV3 s.491, reiste til Amerika 1910. Eller onkelen, Elias Johannes Aurstad, 1856 - 1929, sjå BsV3 s. 303), kanskje begge

Henrik Johannes Nikolai Holsvik (1884 - 1986, BsV3 s.218)

Martinus Hagbart Holsvik d.y (1887 - ?, BsV3 s.218)

Sivert Ananias Løfoll (1880 -1967, BsV3 s. 151)

Rasmus Elias Løfoll (1887 - 1979, BsV3 s. 155)


(Lidagutane: Etternamn Slåttelid):

Johan Olai Slåttelid (1876 - 1955, BsV3 s. 145)

Nikolai Slåttelid (1881 - 1962, BsV3 s.145)

Hans Peter Slåttelid (1884 - ?, BsV3 s. 145)

Iver Matias Slåttelid (1887 - 1972, BsV s. 145)


Peder Olai Djuvik (1891 - 1973, BsV3 s. 183)

Jakob Andreas Olsen (Årsetøy, 1859 - 1943, BsV s. 503)

Andreas Elias Årsetøy (1902 - 1981, BsV3 s. 503, produsent av modell av "Nevada" brukt til informasjon her) Begge informantane seier der var med mange Austefjordingar i deira tid, så det var tydeleg fleire.


Namn med ellers:

Benoni Jørginius Mikalsen (1855 - 1917, skipper, Volda. Førar av "Nevada" og "William Martin" (ref; Henrik Holsvik; i alle fall frå før 1903) til om lag 1915. Sjå Voldaminne 2012 s. 141)

Petter Mek, skyttar Volda. (Korriger gjerne, men det må vere denne: Peter Matias Britanus Eliassen Mek 1876 – 1966 sjå BsV2 s. 238. Tolking: Truleg syskjenbarn med (Knut) Daniel Aurstad. Etter kva Elias Aurstad ein vel er dette anten onkel eller syskjenbarn. (Blir korrigert ved meir eksakte opplysingar). Fiske- og fangstbåtane var reine «slektstreffet» denne tida. Derfor var tragediane familiemessig sett store når båtar kom bort)

Jens Berg, skipper, ukjent adresse


Informasjon

Frå to interjuv på lydband etter brødrene Henrik (interjuva ca. 1980 av sonen Lars Holsvik (1915 – 2007) og Martinus d.y. Holsvik (interjuva før 1970 av Per Årviknes, redaktør av Voldasoga 1, 2 og 3 1970 – 1973) og fartøymodell, laga av Andreas Årsetøy, av "Nevada". Alle tre nemde som mannskap på dette seglfartøyet:

Hendrik Johannes Nikolai Holsvik (1884 – 1986) BsV3 s. 218, på kvalfangst frå Ålesund 1903 – 1910

Lars Holsvik (1915 – 2007)

Martinus Hagbart Holsvik f. 1887, BsV3 s. 218. På kvalfangst frå Ålesund, oppgir ikkje årstal men 5 -7 års fangsting. Han er noko yngre enn Henrik og har nok byrja seinare

Per Årviknes, redaktør av Voldasoga 1, 2 og 3 1970 – 1973

Andreas Elias Årsetøy (1902 – 1981), BsV3 s. 503. Laga modellen av «Nevada». Er nemnd som mannskap på kvalfangst, kunne vere på fangst tidlegast 1917. (Nemnd fyrste gong 1904, då var han berre eitt år. Det er truleg at det er faren, Jakop Andreas Olssen (Årsetøy 1859 - 1943), BsV3 s. 503 som er meint dette året)

Voldaminne 2012 s.141. Benoni Mikalsensin dramatiske død på Vartdalsfjorden i 1917. Gunnar Heltne Busetnadssoge for Volda. Band 2, 3 og 4

Oddvar Høydalsvik f. 1951 har prøvd å systematisere informasjonen etter å ha lytta gjennom banda eit pent antal gonger


Eksterne lenkjer

Om moderne kvalfangst: 2016-utgåva av handbok for bruk av skytevåpen ved kvalfangst i Nordatlanteren: http://www.nammco.no/assets/Publications/Hunting-Methods-Committee/Manual-for-bardehvaler-med-hvalkanon-og-granat-norsk.pdf

Ord og uttrykk for sjøbruk: http://maritimstart.no/ordliste/

Nynorsk ordliste: http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=&nynorsk=+&ordbok=nynorsk